Fagarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4193015185 Presentasjon av stillingen:
100% stilling ledig innanfor verksemd for vatn og avløp. Denne stillinga vil vere ein del av eit tverrfagleg miljø i avdeling indre og nordre, det vil seie innanfor dei tidlegare kommunane Ørskog, Skodje, Haram og Sandøy. Oppmøtestad vil i hovudsak vere Vatne eller Skodje
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift av kommunaltekniske anlegg innanfor vatn og avløp, samt oppgåver knytt til drift av kommunalt vegnett. I hovudsak innanfor avdeling indre og nordre.
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar
- Fagarbeidar med erfaring og kompetanse frå anleggsarbeid/rørleggar med relevant fagbrev og ADK.
- Interesse og erfaring innanfor vatn og avløp.
- Førarkort klasse C1 eller større er ønskeleg.
- God kunnskap om- og interesse for digitale verktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Serviceinnstilt.
- Like faglege utfordringar
Vi tilbyr
- Eit arbeidsmiljø prega av fagleg mangfald.
- Moglegheit for relevante kurs innanfor fagområda.
- Løn etter avtale med kommunale tilsettingsvilkår.
- Det vil bli aktuelt å delta i kommunal beredskap/vaktordning.
Kontaktinformasjon
Jan Valde, Avdelingsleiar avløp, 951 56 230
Camilla Waagbø Nilsen, Avdelingsleiar vatn, 993 65 692
Arbeidsstad
Postboks 1521
6025 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4193015185
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.