Oppdragstakar
Stillingstype:
Vestnes kommune søker etter ein person som kan yte helsehjelp i form av praktisk hjelp og bistand innan tiltak for psykisk helse for to vaksne tenestemottakarar. Oppdraget er eit engasjement. Oppstart snarast.
Arbeidsoppgåver
Oppdraget består av heimebesøk, burettleiing (handling, tilrettelegging i bustad og husvask), samt kjøre til oppdrag. Oppdraget utgjer omlag 10 timar per veke.
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje krav til utdanning for oppdragstakar. Du vil få rettleiing og oppfølging av oppdragsgjevar.
- Du må ha førerkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som kan vere ein trygg, god og omsorgsfull vaksen. Du er:
- påliteleg og stabil
- tolmodig og tar deg tid
- har respekt for andre menneske
- er fleksibel
- det blir vektlagt at du er personleg eigna
Vi tilbyr
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar blir innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli vurdert. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Link til søknadsskjema: Send søknad