Ungdomskoordinator
Org. nr: 948350823 Stillingsident: 4472985679 Presentasjon av stillingen:
Ungdomskoordinator skal vere pådrivar i arbeidet med barn og ungdom i samarbeid med lag og organisasjonar. Ungdom skal oppleve at dei får delta i sosiale fellesskap, og fritidsaktivitetar i Austrheim kommune. Ungdom skal involverast og ha innflytelse på samfunnsutviklinga, og sakar som gjeld ungdom.
Ungdom skal oppleve det gode liv i Austrheim.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er 100% plassert i fagavdeling kultur. Ungdomskoordinator skal jobbe med fritidstilbod, og jobbe tverrfagleg for målgruppa ungdom til fylte 18 år. Ungdomskoordinator er også Barnerepresentant i plansaker, samt sekretær for Ungdomsrådet.
Arbeidsoppgåver -- Ungdommens hus:
- Ungdomsklubb med ope hall kvar torsdag kl. 18-22
- Samarbeid med leiar for Austrheim ungdomsklubb om drift av klubben og Ungdommens hus
- Samordne med andre tilbod til ungdom
Arbeidsoppgåver -- Ung i Austrheim:
- Aktivitetar i skuleferiar, open hall i vinterferie og haustferie
- Utflukter og ulike aktivitetar
- Marknadsføring og informasjon retta mot ungdom
- UKM -- Ung kultur møtast i Nordhordland, følgje opp avtale med Alver
- Tverrfaglege oppgåver m.a. trafikksikring og rusførebyggjande arbeid
- Leggje til rette tilbod til unge med nedsett funksjonsevne.
Lage program for Friskus med turar og klubb - Koordinere Kino på Austrheim samfunnshus
- Søkje om tilskot til aktivitet for barn og unge (Bufdir, stiftingar, fylke mm.)
Arbeidsoppgåver -- Fysisk aktivitet og Havglede:
- Drift av Havsportshuset samt utstyr (båt, kajakk, sup, redningsvestar, våtdrakter m.m.)
- Ansvar for festivalen Havglede Drift av bua i Årvika
- Leggje til rette for fysisk aktivitet i forhold til sesong og vêr (ake, skøyte, bading m.m)
Koordinere ulike aktivitetar som fremmar folkehelse (stolpejakta, strandrydding, mjuk skulestart, Kom deg ut-dag, familiedagar m.m) - Fagavdeling kultur har ansvaret for spelemidlar, og ungdomskoordinator har oppgåver med spelemiddelsøknadar, og planlegging av anlegg og tilbod til barn ungdom
- Ansvar for Austrheim Idrettspark i tett samarbeid med fagavdeling eigedomsdrift
Arbeidsoppgåver -- Austrheim ungdomsråd:
- Sekretær for ungdomsrådet. Ungdomsrådet skal representere interessene til ungdommen i kommunen og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom. Ungdomsrådet kan også ta opp eigne saker
- Markera Psykisk helse-dag
- Karneval for dei minste (familiearrangement)
- Julegåveaksjon i samarbeid med Frivilligsentralen
Kvalifikasjonar
Høgskule, eller tilsvarande og praksis. Førarkort for bil. Godkjent politiattest God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Erfaring med planlegging, og gjennomføring av arrangement.
Personlege eigenskapar
Løysingsorientert, strukturert og inkluderande. Sjølvstendig, fleksibel, kreativ og gode samarbeidsevner. Er modig, og liker å jobbe med ungdom.
Vere engasjert, omsorgsfull og merksam i lag med ungdom.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale.
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk.
God pensjonsordning.
Kontaktinformasjon
Kari Torkildsen Utkilen, fagleiar kultur, 95942213, kari.utkilen@austrheim.kommune.no
Trine Merete Jansen, Kommunalsjef, 97778017, trine.merete.jansen@austrheim.kommune.no
Arbeidsstad
Sætremarka 2
5943 AUSTRHEIM
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Austrheim kommune
Referansenr.:4472985679
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2022
Sluttdato: 31.03.2023
Søknadsfrist: 11.02.2022
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!