Er du vår nye IT-Konsulent / Bedriftsrådgjevar i Vik i Sogn?
Me søker IT-konsulent som skal ta vare på eksisterande og ny kundeportefølje i Vik og omegn.
Arbeidsområda vil vera:
- Installasjon og drift av nettverk,
- Installasjon og drift av kundens server og PC utstyr
- Installasjon og support av Konica Minolta kopimaskiner
- Oppsett og drift av kundens telefonløysing
Me ynskjer søkjara med følgande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Fagbrev, fagskule eller høgare utdanning innan IT/teknologi
- Eit lidenskapeleg forhold til IT, og eit brennande ynskje om å læra nye ting
- Trivast med kundekontakt
- Du jobbar strukturert og målretta og planlegg dine arbeidsdagar
- Løysningsorientert og kan tilby våre kundar riktige løysingar
- Gode skriftlege og muntlege kommunikasjonseigenskaper i norsk og engelsk
- Gjerne fleire erfaring frå IT-support eller relatert arbeid
- Førarkort kl. B
Me tilbyr:
- Utviklande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Mulighet for å bygga opp din eigen kundeportefølje
- Frihet til å styra din eigen arbeidsdag
Om bedriften
Voss Kommunikasjon er ein mobil og dataleverandør for bedrifter som vil handla på bygda. Me er i dag 10 tilsatte, fordelt mellom teknisk avdeling, salg og butikk. Me driftar vårt eige datasenter "Vossaskyen" og har i dag ca 80 faste drift - hostingkundar. Samt drift av nettverk og tilhørende tjenester.
Voss Kommunikasjon skal åpne eit avdelingskontor i Vik i Sogn. Me vil ha kontor og butikk i lokala saman med Vik Elektro og Folietec.
I den anledning søkjer me etter ein person som skal ha ansvaret for eksisterande og ny kundeportefølje i Vik og omegn. Både på teknisk og salg.