Lærarvikariat ved Aurland barne- og ungdomsskule
Stillingsannonsen er inaktiv.Aurland kommune
Skule og barnehagar
Aurland barne- og ungdomsskule ligg i kommunesenteret Aurlandsvangen. Skulen har 128 elevar frå 1. til 10.klasse, og eit velkvalifisert personale.
Aurland barne- og ungdomsskule har ledig inntil 2 x 100% vikariat frå 01.08.21- 31.07.22
I det eine vikariatet er det ynskjeleg med fagfordjuping i engelsk og utdanning eller erfaring i
særskilt språkutdanning (norsk), men også andre fag som t.d musikk og kroppsøving kan vere relevante.
I det andre vikarariatet er det er ynskjeleg med fagfordjuping i kroppsøving og matematikk,
men også andre fag som t.d naturfag og samfunnsfag kan vere relevante.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Kvalifikasjonar
Kompetansekrav i samsvar med Opplæringslova og tilhøyrande forskrift.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Adresse
Skulevegen 5, 5745 Aurland
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 27. mai 2021
Hentet fra: Aurland kommune
Referanse: aurland-visma.alav.no/recruitment/opening?0?757
Stillingsnummer: b93f3c82-d40d-4817-8cd0-16acf42de280