Administrativ Team Leiar
Stillingsannonsen er inaktiv.UWC Red Cross Nordic
Flekke
Vi søkjer ein engasjert og ambisiøs Administrativ team leiar (engelsk -- Admin Team Leader) i 100% stilling som vil ha ansvar for selskapet sin HR- og internkontroll-funksjon og tilsette i administrative funksjonar som resepsjon, transport og booking og bibliotek.
HR- og internkontroll er ny som eigen funksjon og det er viktig at du har erfaring med og likar å jobbe med tilsette i organisasjonen. Du får ei sentrale rolle i lag med tilsette med leiarfunksjonar i å legge forholda til rette for at dei tilsette trivast godt i sine roller. Det betyr at gode kommunikasjonsevner og evner til å innføre nye rutinar og å sørge for at eksisterande rutinar blir følgt, blir viktig.
Skulen vil jobbe med mange spanande utviklingsprosjekt i dei kommande åra. Som leiar med ansvar for HR og HMS, vil du få ei sentral rolle i selskapet sitt arbeid med å utvikle kultur og arbeidsmiljø i selskapa og bidra til at vi til ei kvar tid har personalressursar med rett kompetanse og kvalifikasjonar.
Skulen nyttar engelsk og norsk som språk i intern og ekstern kommunikasjon, og det er eit krav om at du har særs god framstillingevne i begge språka. Det er og viktig at du har evne til å ta del i og møte utfordringar i eit miljø med stort kulturelt mangfald.
Stillinga rapporterer til COO (Chief Operating Officer) og vil vere del av ei leiargruppe med representantar frå administrasjonen, utdanningsfaga og UWC Connect AS .
Vi ynskjer søkjarar med utdanning på høgskulenivå og som har erfaring innan HR, HMS- og interkontroll, økonomi og administrasjon.
Vi kan tilby konkurransedyktig løn, gode velferdstilbod og hjelpe til med å skaffe bustad.
Er du nysgjerrige på å jobbe i ein organisasjon med stort kulturet mangfald så sjekk ut meir informasjon om stillinga på nettsida vår https://uwcrcn.no/about-us-2/vacancies/
For spørsmål om stillinga, kontakt gjerne COO, Ola Hovland på tlf 958 94 683
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
UWC Red Cross Nordic
Adresse
Haugland, 6968 Flekke
Hjemmeside
UWC Red Cross Nordic, er ein to-årig internatskule for 200 elevar i aldren 16-19 år som kjem frå meir enn 90 ulike nasjonar. Alle elevane føl studieprogrammet International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen er forankra i norske veridar og legg vekt på miljøspørsmål, humanitært arbeid og friluftliv.
Om stillingen
Stillingstittel
Adminitrativ team leiar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Privat
Sist endret: 18. mai 2021
Hentet fra: FINN
Referanse: 216747923
Stillingsnummer: b90a077d-8260-401d-b848-a296d3175f52