Sjukepleiar, hjelpepersonell ved legekontor
Legetenesta i Etne kommune er fordelt på to legekontor, eit i Etne og eit i Skånevik. I praksisen er det 6 legar og 6 hjelpepersonell, med helsefag eller sjukpleie bakgrunn.Kollegaer med erfaring og gode rutinar. Me er interessert i ferievikar i perioden juni, juli og august på dei to legekontora våre.
Arbeidsoppgåver
- Betjening av henvendelser i resepsjon og på telefon.
- Laboratoriearbeid og prøvetaking.
- Skadestuearbeid.
kompetanse:
Autorisasjon som sjukepleiar
Autorisasjon som helsesekretær
Helsefag studentar kan også søkje
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, men og i team.
- Positiv og engasjert i arbeidsoppgåvene.
- Gode kommunikasjonseigenskaper.
- Fleksibel.
- Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg.
Annan informasjon
Politiattest må framleggjast før oppstart i stillinga.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.