Brannkonstabel/sjåfør
Org. nr: - Stillingsident: 4062209158 Presentasjon av stillingen:
Stranda kommune har ledig 2 deltidsstillingar som brannkonstabel / sjåfør i 1,97% fast stilling frå 01.05.2019.
Arbeidsstad for tida Geiranger brannstasjon.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søkanden. Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Kvalifikasjonar
- Det vert stillt helsekrav etter ¿veiledning om helseundersøkelse og fysiske tester for røyk- og kjemikaliedykkere¿
- Søkjar må ha fylt 21 år og inneha førarkort minimum klasse BE (Søkjar må også skaffe seg førarkort klasse C innan 12 mnd. eller etter avtale med brannsjef)
- Disponere bil for transport til brannstasjonen ved utrykking.
- Bustad og arbeidsplass bør vere innan 3- 4 km frå brannstasjonen, avvik frå dette kan avtalast særskilt
- Det må klarerast med arbeidsgjevar at ein kan forlate arbeidsplassen ved utrykking
- Det må klarerast med arbeidsgjevar at ein kan ta permisjon ved øvingar/ kursdeltakingar
Utdanning i form av kurs må påreknast, her kan nemnast:
- Nettbasert brevkurs på fritida kort tid etter tilsetting
- Desentralisert grunnkurs for deltidsmannskap
- Andre brann- og redningsfaglege kurs
Personlege eigenskapar
- Fysisk og psykisk sterk
- God ordenssans, samarbeidsvillig og initiativrik
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Pensjons- og forsikringsordning i KLP
Kontaktinformasjon
Inge Teigen, Brannsjef, (+47) 46411033
Cato Andersen, Einingsleiar, (+47) 46411032
Arbeidsstad
6216 Geiranger
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenummer:4062209158
Stillingsprosent: 1,97%
Startdato: 01.05.2019
Søknadsfrist: 12.05.2019
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir