Karriererettleiar
Vil du bli del av eit fagleg sterkt miljø i Karriere Vestland?
Vestland fylkeskommune har etablert eininga Karriere Vestland, eit offentleg tilbod om gratis og profesjonell karriererettleiing i tråd med nasjonale retningsliner.
Karriere Vestland tilbyr karriererettleiing til vaksne over 19 år. Frå 01.01.2021 tilbyr vi karriererettleiing til nykomne flyktningar som kvalifiserer til introduksjonsprogram i kommunar i Vestland fylke, i tråd med integreringslova.
Karriere Vestland arbeider i tråd med Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing i Noreg.
Vi er eit kompetansesenter innan karriereretteleiing og har samarbeid med mange ulike aktørar.
Karriere Vestland har kontorplass i 6 kommunar: Alver, Bergen, Sogndal, Stad, Stord og Sunnfjord.
Vi har ledig stilling som karriererettleiar på Stord då ein av våre dyktige kollegaer går av med pensjon.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåve:
- Gje karriererettleiing til nykomne flyktningar innan 3 månader etter at dei er kome til landet. Tenesta vert levert ved fysisk oppmøte på staden der dei bur eller i våre lokale, men vi tilbyr òg videorettleiing.
Andre oppgåver:
- Karriererettleiing av vaksne ein-til-ein og i gruppe. Tenesta vert levert ved fysisk oppmøte i våre lokale, i tillegg til video- og telefonrettleiing til alle i Vestland fylke.
- Kompetansestøtte til kommunane i den vidare oppfølginga av flyktningane og opplæring av tilsette i kommunane.
- Kompetansestøtte til rettleiarar og rådgjevarar i skule, NAV og andre aktørar innan karriererettleiingsfeltet.
- Etablering og deltaking i relevante nettverk og samarbeid med eksterne partar.
Karriere Vestland er under utvikling og arbeidsoppgåvene variere etter kor behovet er størst. Det må påreknast reiseaktivitet i jobben.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha
- relevant universitets-/høgskuleutdanning på masternivå. Søkjarar med utdanning på bachelornivå med relevant erfaring kan vere aktuelle for stillinga, men vil i så fall bli tilsett som spesialkonsulent, og ikkje som rådgjevar.
- erfaring med karriererettleiing
- god digital kompetanse
Det er ein føremon med
- karriererettleiing i grunnutdanning eller i etter- og vidareutdanning
- rettleiingserfaring frå arbeid med minoritetsspråklege, flyktningar eller innvandrarar
- sertifisering innan eit eller fleire karriereverktøy som til dømes InFlow24 og Karriereverktøy
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- har gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit
- har gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- har stor arbeidskapasitet
- er strukturert og effektiv
- er nyfiken og omgjengeleg
Vi tilbyr
- løn etter avtale
- faglege utfordringar og moglegheit for kompetanseheving
- stimulerande og innovativt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fleksibel arbeidstid
- stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Andre opplysningar:
- Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Aida Cisic-Dizdar, leiar, 98451566, Aida.Cisic-Dizdar@vlfk.noArbeidsstad
Vabakkjen 65411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:4507969304
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.08.2022