Helsefagarbeidar
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Austevoll kommune har ledig vikariat som helsefagarbeidar i 61,92 % turnus. Stillinga er ledig snarast til og med 31.03.2022
Arbeidsstad Eidsbøen bufellesskap
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Yte praktisk bistand og opplæring i tråd med gjeldande lover, vedtak og rutiner.
Helsefagleg oppfølging av tenestemottakarar.
Samarbeid med kollegaer, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar.
Praksis
Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med å yte bistand til personar med ulike behov.
Kvalifikasjonar
Utdanning:
Helsefagarbeidar. Andre med relevant helse- og sosialfagleg utdanning kan og bli vurdert.
Personlege eigenskapar Du må ha evne til:
- Samarbeid, fleksibilitet, kreativitet og serviceinnstilling.
- Å jobbe målretta og vere lojal ovanfor arbeidsplassen sine vedtak, rutiner og mål.
- Å arbeide sjølvstendig og i team.
- Å bidra positivt i arbeidsmiljøet.
- God kommunikasjon.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Må ha førerkort kl. B
Gyldig politiattest må leverast før tilsetjing.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Linn-Beathe Suphammer, Mobil +47 98232951
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!