Kyrkjelydsmusikkar/organist/kantor
Det er 5 soknekyrkjer, ei fjellkyrkje og ei interimkyrkje (Dalen). Totalt 72 gudstenester, omlag 35 gravferder og 12 vigslar i året, der Eidsborg Stavkyrkje står for brorparten av vigslane. Stillinga som kyrkjemusiker/organist I vil samarbeide med organist II som er tilsett i 35% stilling. Organist II har ansvar for kyrkjelege handlingar kvar tredje helg i mnd. Kyrkjemusikar/organist I tek hovudansvaret for kyrkjelege handlingar 1, 4 og 5 helg i mnd. I tillegg kjem høgtidene. Det er fast messefri kvar 2 sundag i mnd, med unntak for dei kyrkjelege høgtidene.
Det er rom i stillinga for korarbeid og det er eit ynskje at slikt arbeid for barn og unge. Noko kveldsarbeid må difor forventast. Arbeidsplan for begge organistane må tilretteleggast i samband med tilsetting av kyrkjemusikar/organist 1. Arbeidsgjevar er innstilt på fleksibilitet og tilrettelegging av arbeid etter ynskje frå vedkommande som vert tilsett.
I samband med at fellesrådet lyser ut kyrkjemusikar/organist 1 i 50% stilling vert og ein 30% stilling som kyrkjelydspedagog for sokna i Tokke og Vinje lyst ut. Det er høve til å søke begge stillingane.
Krav til kompetanse
- Høgskoleutdanning; Kyrkjemusikk/musikk
- Anna relevant utdanning
- Realkompetanse kan bli vektlagt
- Det er ein fordel om søkere som meistrar norsk skriftleg og munnleg
- Førerkort klasse B
- Medlem av Den norske Kyrkja
- Krav om barneomsorgsattest (jf. kyrkjelova §29, 2 ledd)
Personlige egenskaper
- Kreativ
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Fleksibel
- Lagspiller
- Interesse for barn og unges plass i kyrkja sitt gudstenesteliv
- Evne og vilje til å arbeide saman med frivillige
Vi kan tilby
- Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk og tilsetting i samsvar med kvalifikasjonskrav.
- Pensjon i KLP
- Eit arbeidsmiljø byggd på trivsel, trygghet og humor
- Medbestemming over eigne arbeidsoppgåver
Om bedriften
Tokke kyrkjeleg fellesråd (TKF) har ledig stilling som kyrkjemusiker/organist i 50% stilling. TKF er administrativt organ for Dnk sine sokn i Tokke kommune; Eidsborg, Mo og Skafså sokn (EMS sokn) og Høydalsmo og Lårdal sokn (HL sokn). Sokna har 1.751 medlem pr 01.april 2019. Kyrkjekontoret er på kommunehuset i Dalen som er administrasjonssenter i Tokke kommune. Kyrkjelydane er utprega folkekyrkjelege, med høg oppslutning om dåp, konfirmasjon og gravferd. Det er fast gudstenestefri ein helg i månaden. Stabsmøte ein gong i mnd.
TKF har totalt 5,85 årsverk fordelt på 9 tilsette, i tillegg til tilsette i kortare egasjement gjennom året (sesongarbeid og vedlikehald).
Prestetenesta er teamorganisert der alle sokn i Tokke og Vinje inngår i presteskapet sitt tenesteområdet. Teamet består av sokneprest, fjellprest og ungdomsprest, med hovedkontor i Åmot i Vinje. Prestane i teamet disponerar kontor på kyrkjekontoret i Tokke. Teamorganiseringa vert no evaluert.