Einingsleiar/Rektor - Uskedalen skule 100% fast
Omtale av stillinga
Uskedalen skule er 1 - 7 skule som ligg i Uskedalen i Kvinnherad kommune. Ved skulen er det 101 elevar, 12 lærarar og 4 assistentar. Barnehage ligg i same lokale som skulen. Å væra rektor på Uskedalen skule er ei spanande leiaroppgåve. Vi søkjer ein leiar som ynskjer å leia skulen gjennom ei kollektiv utvikling der ny overordna del og nye fagplanar skal utviklast og implementerast på skulen. Med deg på laget har du gode og motiverte medarbeidarar. Skulen har dei siste åra drive endringsarbeid innafor eigen vurderingspraksis, lesing, inkluderande skulemiljø og digital kompetanse.
Vi søkjer ein leiar som:
- har pedagogisk kompetanse
- har erfaring frå leiing og skuleutvikling.
- er utviklingsorientert og samarbeidsorientert.
- er både tydeleg og synleg.
- motiverer tilsette, elevar og foreldre til å skapa ein felles kultur for læring.
- har godt humør og pågangsmot.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Løn etter avtale.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.