Miljøterapeut - Eining for habilitering/rehabilitering
Org. nr: - Stillingsident: 4179819158 Presentasjon av stillingen:
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best moglegfunksjons- el. meistringsnivå.
Det er ledig 100% fast stilling som miljøterapeut frå 6. januar 2019. Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar,herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om åikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsettmå framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutiske tenester til brukarar med samansette behov
- Oppgåve som primær- eller sekundærkontakt
- Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
- Følgje opp brukarane sine planar
- Eininga nyttar fagsystema Profil, Compilo og SamPro
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar el vernepleiar, gjerne med spes.kompetanse i psykiatri
- Ein må kunne jobbe sjølvstendig samt ha gode evne til samarbeid med interne og
eksterne samarbeidspartarar - Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
- Førarkort kl. B og muligheit til å dispoenere eigen bil. Køyregodtgjersle etter Staten sitt regulativ.
- Gjerne kjennskap til HOTL kap. 9
Personlege eigenskapar
- Tålmodig
- Trygg og roleg
- Omgjengeleg og serviceinnstilt
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer
- Ein arbeidsplass under endring og utvikling
- Muligheit til å påvirke eigen arbeidsdag
- Gode pensjons og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Lill Gullbekkhei, Einingsleiar, 46411059
Steinar Årberg, Fagleiar, 93474099
Arbeidsstad
Øyna 13
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenr.:4179819158
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.01.2020
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir