SFO Sinnes skule - ledig vikariat i inntil 55%
Det er ledig vikariat i inntil 55% i skulefritidsordninga ved Sinnes skule for snarleg byrjing.
Tidsrom:
Frå dags dato til 31.12.20, med mogleg forlenging.
Kompetanse:
Me ønskjer søkjarar med utdanning innan barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Anna relevant kompetanse vil bli vurdert.
Me ønskjer søkjarar med god samarbeidsevne, som likar å arbeida med barn og er oppteken av å byggja gode relasjonar. Søkjarar må ha evne til sjølvstendig arbeid, og meistra både munnleg og skriftleg norsk.
For stillinga gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden.
Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.
Me ber om elektronisk søknad via Sirdal kommune si heimeside. Søk her https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=2675&externalId=4228&languageCode=nb&auth=KFPORTEN
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Det skal ikkje sendast vitnemål og attestar med søknaden. Desse bed me deg om å ta med på eit ev. intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til rektor ved Sinnes skule, Åse-Berit Fidjeland, mobil 94 52 12 58.
Søknadsfrist: 24. september 2020
Om bedriften
Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Vest-Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal finn du eit trygt og godt oppvekstmiljø og mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er moglegheitene for friluftsliv unike, både sommar og vinter. Det er to kombinerte 1-10-skular og to barnehagar i kommunen, på Sinnes/Tjørhom og Tonstad samt vaksenopplæring på Tonstad.
Tonstad skule er ein fulldelt skule med om lag 200 elevar og Sinnes skule er ein fådelt skule med om lag 50 elevar. Opplæringsmålet er nynorsk.