Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4265048317 Presentasjon av stillingen:
Lærdal sjukehus er eit lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Vi skal fremme helse, meistring og livskvalitet .
Sengeposten har 12 senger inkludert 2 overvakingssenger. 95% av innleggingane er ØH. Dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar. Dialysen er organisert under sengeposten og er open 6 dagar i veka. Pleiegruppa i sengeposten er for tida med og driftar 4 interkommunale sengeplassar.
Vi har 3 ledige stillingar hjå oss.
Vi har ledig 80% fast stilling. Stillinga er ei kombinasjonsstilling med 40% på medisinsk sengepost og 40% på dialyse. Dialyse og sengepost er samlokalisert frå hausten av på sengeposten.
Vi har ledige 80% vikariat som sjukepleiar på sengeposten.
Vi har ledig 80 % fast stilling på sengeposten.
Beskriv i søknaden kva stilling du søker.
Vi vil gjerne ha fleire med oss på laget.
Vil du vite meir ta kontakt med einingsleiar, sjå kontaktinformasjon.
Arbeidsoppgåver
- Pasientrelatert arbeid
- Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
- Gje god omsorg for pasient og pårørande
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS og Meona
- Spesifikke oppgåver knytt til eininga ein jobbar ved
- Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat og tryggleik for tilgjengelighet og omsorg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- For framandspråklege (utanom skandinavisk land), vert det kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten.
- Gode IKT kunnskapar
- Det er ein fordel med vidareutdanning innan intensiv/anestesisjukepleie. Sjukepleiar med erfaring frå hjerteovervaking og akuttmottak vert også oppfordra til å søkje
- Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert varetekne
- Ønskeleg med arbeidserfaring frå medisinsk sengepost
Personlege eigenskapar
- Vere fagleg engasjert
- Jobbe strukturert og målretta
- Må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Like varierte utfordringar og vere serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- God opplæring
- Fagleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
- Personalhytte på Filefjell
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskeleg
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Stillingen på sengepost inngår i 3-delt turnus med arbeid i snitt kvar tredje helg
Kontaktinformasjon
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Einingsleiar, (+47) 415 30 456
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4265048317
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.