Lærarar
Ved grunnskulane i Førde har vi mange ledige lærarstillingar frå hausten 2019. Vi håper du vil søke!
Om oss
Førdeskulen har gode faglege resultat og høg trivsel hos elevane. Vi treng no fleire nye lærarar som vil vere med på laget for å utvikle Førdeskulen vidare.
Dei som vert tilsett kjem inn i eit fellesskap med svært mange dyktige lærarar, men det er stadig behov for nye impulsar for å føre utviklinga vidare. Nytilsette må vere villige til å jobbe etter dei system og verdiar som ligg til grunn i Førdeskulen generelt og på kvar skule spesielt.
Vi søker etter engasjerte lærarar som har gode kunnskapar i faga dei skal undervise i.
tydeleg i leiarrolla og ha evne til å bygge gode relasjonar til elevane
Dei som vert tilsett må kunne ta på seg kontaktlæraransvaret.
Om stillingane
Nedanfor finn du oversikt over lærarstillingane som er ledige frå 01.08.2019.
Flatene skule (1.- 4. steg)
Flatene skule har 230 elevar med to til tre parallellar på kvart steg og har ledig:
- inntil 200 % stilling, både fast og vikariat for skuleåret 19/20
Vi søker etter lærarar med kompetanse i norsk, engelsk og matematikk.
For nærare opplysningar kontakt rektor Per Inge Seime på tlf. 57 72 08 20 eller e-post per.inge.seime@forde.kommune.no.
For meir informasjon om skulen: www.flatene.no
Førde barneskule (1.-7. steg)
Førde barneskule har 245 elevar og har ledig:
- inntil 400 % vikariat for skuleåret 19/20
Vi treng lærarar som har erfaring frå arbeid som kontaktlærar, og som har kompetanse i grunnleggande symjeopplæring.
Vi ønsker kompetanse innan norsk, spesialpedagogikk, matematikk og kunst og handverk. Dei som vert tilsett må kunne vere kontaktlærar i 1.-7. klasse.
Vi oppmodar menn om å søke for å få ein betre kjønnsbalanse.
For nærare informasjon kontakt rektor Therese Helland på tlf. 915 91 751 elle e-post therese.helland@forde.kommune.no, eller ass. rektor Ove Farsund på tlf. 977 60 456.
For meir informasjon om skulen: www.fordebarneskule.no
Førde ungdomsskule
Førde ungdomsskule er ein 4-parallellars ungdomsskule med ca. 300 elevar og har ledig:
- inntil 7 vikariat for skuleåret 19/20
Vi treng lærarar som til saman har undervisningskompetanse i desse faga:
- norsk, engelsk, matematikk, musikk, naturfag, kroppsøving, fransk og kunst og handverk
Vi har i tillegg ansvar for undervisning av framandspråklege elevar i aldersgruppa 16 til 24 år. Det kan vere aktuelt at ei av stillingane vert knytt opp mot undervisning av denne elevgruppa med undervisningsstad på Mo og Øyrane VGS.
For nærare informasjon kontakt rektor Hallgeir Hamre på tlf. 958 71 487 eller ass. rektor Eva Dale på tlf. 452 93 084.
For meir informasjon om skulen: www. forde.ungdomsskule.no
Halbrend skule (5.-10. steg)
Halbrend skule er ein kombinert skule med elevar frå 5.-10. steget og vil få om lag 455 elevar frå hausten 2019. Dei fleste elevane tilhøyrer ungdomssteget med ca. 280 elevar. Skulen har ledig:
- inntil 600 % vikariat for skuleåret 19/20.
Ei av stillingane er knytt til barnesteget (5.-7) og 5 av stillingane er knytt til ungdomssteget (8.-10.).
Samla skal stillingane dekke desse faga:
- engelsk, naturfag, spansk, spesialpedagogikk og kunst og handverk
Søkarar må oppfylle kompetansekravet for undervisning på barnesteget, eller ungdomssteget. I faget kunst og handverk er det aktuelt med faglærar utdanning. Det må kome fram av søknaden om du spesielt søker på stilling på barnesteget eller ungdomssteget.
For nærare informasjon kontakt rektor Åge Stafsnes på tlf. 911 52 211 eller på e-post age.ansgar.stafsnes@forde.kommune.no
For meir informasjon om skulen: www.halbrend.no
Holsen skule og barnehage (1.-7. steg)
Holsen skule og barnehage er 3-delt med til saman 33 elevar. I tillegg er det ca. 28 barn i barnehagen. Skulen har ledig:
- inntil 180 % vikariat for skuleåret 19/20
Vi søker etter lærarar som er kvalifiserte for å arbeide på barnesteget med kompetanse i eit eller fleire basisfag. Musikk er også eit ønske.
For nærare informasjon kontakt rektor Synneve Bruheim Reiakvam på tlf. 57 72 44 27/993 24 150 eller e-post synneve.bruheim.reiakvam@forde.kommune.no
For meir informasjon om skulen: www.holsen.skule.no
Sunde skule (1.-7. steg)
Sunde skule har ca. 180 elevar og har ledig:
- inntil 100 % fast
- inntil 100 % vikariat for skuleåret 19/20
Vi treng spesielt lærar som vil vere med å bygge opp ei ny kunst og handverksavdeling, undervise i kunst og handverk, og styrke kreative fag sin plass i undervisninga. Vi treng og lærar med interesse for musikk som kan bygge opp eit nytt musikkrom og undervise i faget. I tillegg treng vi lærar med kompetanse i spesialpedagogikk.
For nærare informasjon kontakt rektor Anne Kristin Finsveen Midtbø på tlf. 957 43 593 eller e-post anne.k.finsveen.midtbo@forde.kommune.no
For meir informasjon om skulen: www.sundeskule.no
Slåtten skule (1.-7. steg)
Slåtten skule har 397 elevar. Det er 2 eller 3 klassar på dei ulike stega. Skulen har ledig:
- inntil 200 % vikariat for skuleåret 19/20
Du må ha kompetanse i norsk, matematikk og IKT. Andre fagønsker kan komme i tillegg.
For nærare informasjon kontakt Rektor Turid Irene Hatlem på tlf. 57 61 28 13/915 42 562.
For meir informasjon om skulen www.slatten.no.
I tillegg kan det i Førdeskulen bli andre ledige stillingar som lærar frå hausten 2019.
For alle stillingane søker vi etter lærarar som:
- er gode til å samarbeide
- har god IKT kompetanse
- er utviklingsorienterte
- er fleksible
- er interessert i å utvikle praksisen i klasserommet i takt med samfunnsutviklinga
- er tydeleg i leiarrolla og har evne til å bygge gode relasjonar til elevane
Dei som vert tilsett må kunne ta på seg kontaktlæraransvar.
Det vert krevd politiattest av ny dato før start i stilling. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Søknad
Alle søkarar må sende kopi av rettkjende attestar og vitnemål til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde, eller laste opp i søknaden. Du søker elektronisk.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Helge Sæterdal, Tlf: 47 57612763, Mobil 47 99232021, Epost: helge.saeterdal@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.