Hovudutlysing - Lærarar i grunnskulen 2020/21
I Hjelmeland kommune er det tre skular: Fister skule (1.-7.), Årdal skule (1.-7.) og Hjelmeland skule (1.-10.). Her er det tilsaman omlag 40 lærarar som kvar dag arbeidar for å gi omlag 360 elevar god basiskompetanse for framtida.
Skulane i Hjelmeland ønskjer tydelege, engasjerte og motiverte lærarar som er opptekne av å samarbeide for å skape gode lærings- og oppvekstvilkår for elevane. Til neste skuleår treng me fleire dyktige lærarar med på laget!
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter lærarar som er formelt kvalifiserte for undervisning i grunnskulen.
Det er ein fordel med erfaring innan pedagogisk bruk av læringsteknologi.
Me har behov for lærarar med formell kompetanse innan:
- Norsk
- Engelsk
- Matematikk
- Musikk
- Kunst og handverk
- Spesialpedagogikk
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- Du har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
- Du er ein tydeleg klasseleiar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Du er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- Du er løysingsorientert og fleksibel
- Du kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap
Me kan tilby
- Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn
- Rettleiing av nyutdanna
- Kommunale tilsetjingsvilkår og pensjonsordning
- God seniorpolitikk
- Bedriftskunstforeining
- Eit rikt friluftsliv og eit godt kulturtilbod
Rekrutteringstiltak i Hjelmeland kommune
- Redusert husleige
- Etableringspakke
- Stipendordningar
For meir informasjon om dette, sjå kommunen si heimeside.
Vilkår ved tilsetjing
I søknadsvurderinga legg me vekt på utdanning, praksis, undervisningsbehov og personlege kvalifikasjonar, jf.
opplæringslova §10-5. Me tek atterhald om tilfredsstillande politiattest, jf. opplæringslova §10-9, og godkjent eksamen.
Tilsetjing skjer på dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtala.
Pensjonsordning i Statens pensjonskasse med 2% av bruttoløn som eigendel.
Anna
Målform i Hjelmeland kommune er nynorsk.
Andre krav
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig for vidare handsaming av din søknad at du legg
inn alle relevante data. Det er ikkje høve til å leggje ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga på tlf. 51 75 70 00.
Om bedriften
Hjelmeland kommune ligg i "i hjarta av Ryfylke", og er med sine 1092 km2 den nest største kommunen i Rogaland. Det er kort veg til Stavanger og resten av regionen.
Me er ca 2700 innbyggjarar, og kommunesenteret ligg på Hjelmeland.
Kommunen sin visjon "Hjelmeland naturlegvis" gjer uttrykk for eit ynskje om eit positivt samspel mellom kommunen sine tilsette, innbyggjarane og naturen rundt oss.