Miljøarbeidar 80 % vikariat ved Miljøterapitenesta
Det er ledig stilling som miljøarbeider 80 % vikariat ved Miljøterapitenesta, område 2 frå mai 2019.
Miljøterapitenesta gir tenester i egen heim. Denne stillinga er knytt til ei gruppe med 4 brukarar, brukarar som bur i eigen heim med dei pliktar det medfører. Opplæring og rettleiing i ADL og er ei viktig oppgåve. Rettleiing i kosthald og fysisk aktivitet er eit av arbeidsområda, tilrettelegging for brukarstyring i det daglege ei anna. Vi legg stor vekt på at den einskilde kan leve eit aktivt liv. Vi har eit nært samarbeid med habiliteringstenesta spesielt rundt einskilde brukarar. Det er utarbeida turnus der det er sett av tid til ukentlege samarbeidsmøter og tid til primærarbeid. Vi har tilbod om fagleg veiledning og opplæring.
Det er sett opp todelt turnus med arbeid dag, kveld og kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver:
Miljøterapeutiske oppgåver, oppgåva som primerkontakt for ein brukar kan bli tillagt stillinga.
Miljøterapeuten vil også ha eit fagleg ansvar i si teamgruppe.
Kvalifikasjonskrav:
Fagbrev innafor helse- og sosialområdet eller pedagogikk. Interesse for og kunnskap når det gjeld autisme og epilepsi.
Søker må ha gode kunnskap i bruk at elektroniske hjelpemiddel både når det gjeld bruk av verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet og velferdsteknologi og bruk av teknologi for brukarane
Førarkort klasse B
Ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg.
Vi søkjer:
Personar som har medisinsk kompetanse og kompetanse i målretta miljøarbeid. Helst også kunnskap om og erfaring med autisme. Det er viktig at søkjarane har kompetanse i vurdering av behov hos brukarane, kan lage tiltaksplanar og beskrive og evaluere tiltak.
Vi tilbyr:
- Hyggelige kollegaer
- Mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
- Fagleg veiledning
- God pensjonsordning
- Hjelp til å skaffe bustad og evt. barnehageplass
For stillinga gjeld:
Tilsetting etter lov og avtaleverk
Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Anna:
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Søknad sendes elektronisk til:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.
Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Om bedriften
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.