IT-konsulent
Org. nr: - Stillingsident: 4234998805 Presentasjon av stillingen:
Nordfjordnett er driftseininga i det interkommunale IKT-samarbeidet IKT Nordfjord mellom kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Nordfjordnett leverer IKT-tenester til desse fem kommunane gjennom driftssenteret i Måløy. Ved å samle tenestene på ein stad, oppnår kommunane både stordriftsfordelar og meir effektiv drift av IKT-løysingar.
Vi ser etter ein dyktig medarbeidar som kan bidra til å styrke fagmiljøet i Nordfjordnett.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein fagleg ressurs og støttespelar inn i IT-prosjektarbeid, i møte med tilsette i kommunane og eksterne levererandørar
- Koordinere, planlegge, installere, oppgradere, rulle ut og dokumentere IT-løysinger i de ulike miljøene
- Drift av serverinfrastruktur
Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med høgare utdanning innan IT. Dokumenterbar relevant erfaring eller sertifisering kan kompensere for manglande formell utdanning. Kjennskap til offentleg forvaltning vil vere ein føremon.
Erfaring frå arbeid med (eitt eller fleire):
- Azure AD
- System Center Configuration Manager/ Intune
- Sharepoint online
- Exchange online
- Microsoft Windows Server
- VMware
- Microsoft SQL Server
- Citrix terminalservermiljø inkludert NetScaler
Personlege eigenskapar
- Ser løysingar der andre ser problem
- Gode samarbeidsevner
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og kan kommunisere med brukarar og utarbeide intern og ekstern dokumentasjon
- God evne til å prioritere mellom ulike arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte oppgåver i eit triveleg og godt fagmiljø
- Kontorplass etter avtale i ein av samarbeidskommunane Bremanger, Gloppen, Stad, Stryn eller Kinn.
- God pensjonsordning
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Tor Halvar Flacke Botnen, Dagleg leiar IKT Nordfjord, 90052817
Arbeidsstad
Myrane 14
6718 Deknepollen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kinn kommune
Referansenr.:4234998805
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2020
Om bedriften
Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.