Lege i spesialisering i lungemedisin, vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4109877515 Presentasjon av stillingen:
Lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har ledig eit vikariat som Lege i spesialisering (LIS 2/3) innan lungemedisin frå 04.11.2019. Vikariatet er for 10 månader.
Lungeavdelinga driv med spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med lungesjukdommar i Helse Vest. Vi har i tillegg ein stor forskingsaktivitet i nært samarbeid med andre avdelingar og institusjonar både regionalt og nasjonalt.
Avdelinga har to sengepostar med totalt 36 sengeplassar. Av desse er 8 senger knytt til ROE/post 1 (Respiratorisk overvakingseining). Vi har og ein stor poliklinikk- og dagbehandlingseining der Senter for søvnmedisin er ein viktig del. Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og Nasjonal Kompetanseteneste for Heimerespiratorbehandling er og knytt til avdelinga.
Lungeavdelinga har ca 150 årsverk og eit variert pasientbelegg med årleg rundt 3000 avdelingsopphald (døgn- og dag) og ca.22000 ambulante konsultasjonar. Gjennom eit tett samarbeid med universitet og høgskule bidrar avdelinga til høg forskingsaktivitet og fagutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Delta i etablerte vaktordningar og i avdelinga si drift.
- Undervisingsoppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i lungemedisin
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring frå samarbeid på tvers
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
Vi tilbyr
- Positivt og kompetent fagmiljø, høg forskingsaktivitet
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg
Kontaktinformasjon
Kjetil Sævartveit, Kst. avdelingsdirektør, 55973555
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4109877515
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 04.11.2019
Sluttdato: 30.08.2020
Søknadsfrist: 25.08.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.