Lærar Gjelsvik skule - årsvikariat
Org.nr.:975276376 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Gjelsvik skule er ein 1-10 skule med ca 50 elevar. Skulen ligg i pendlaravstand frå Førde (32 km) og Askvoll (34 km) og er samlokalisert med Gjelsvik barnehage. Skulen deltek i satsinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" og har spesielt fokus på læringsmiljøet.
Skulen har ledig inntil 80% undervisningsstilling for skuleåret 2020/21
Arbeidsoppgåver:
- Ordinær undervisning - i hovudsak på ungdomssteget
Kvalifikasjonar:
- allmennlærar, men andre med godkjent pedagogisk utanning kan og søkje
- ønskjeleg med brei fagleg kompetanse innan eit eller fleire av basisfaga engelsk, norsk, matematikk samt kompetanse innanfor musikk, kroppsøving eller naturfag.
Personlege eigenskapar og skikkaheit:
- Fleksibilitet og evne til å undervise hovudsakleg på 6.-10. trinn
- Vilje og evne til å halde seg fagleg ajour -- interessert i å utvikle seg sjølv og organisasjonen
- Gode samarbeidseigenskapar ovanfor elevar, foreldre, kollegaer og leiing
- Evne til autoritativ leiing av klassen
- Gode evner til kommunikasjon
Skulen ønskjer tilsette som har god kompetanse innanfor område som IKT, relasjonsbygging, vurdering, tilpassa opplæring og inkludering.
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjings skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i Statens Pensjonskasse. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Siv Karin Flatjord, Tlf: +47 57730741, Mobil +47 99168057, Epost: siv.karin.flatjord@askvoll.kommune.no
Om bedriften
Gjelsvik skule er ein 1-10 skule med ca 50 elevar. Skulen ligg i pendlaravstand frå Førde (32 km) og Askvoll (34 km). . Skulen er samlokalisert med Gjelsvik barnehage