Spesialpedagog Palmafossen skule
Spesialpedagog
Det er ledig 100 % fast undervisningsstilling ved Palmafossen skule frå 1.8.2019.
Om arbeidsstaden
Palmafossen skule er ein 1- 7 skule om lag 3 km frå Voss sentrum. Skulen ligg fint til med idrettsanlegg og Bømoen som næraste nabo. Skulen er nyleg utbygd og rehabilitert. Skulen har pr dags dato 190 elevar og 32 tilsette. Skulen har SFO tilbod for 1 - 4 klasse.
Skulen satsar på ei systematisk utvikling av eit godt sosialt og fagleg læringsmiljø gjennom utviklingsarbeidet Betre læringsmiljø, antimobbeprogrammet Zero, og skulen er med i utviklingsprosjektet Vurdering for læring.
Arbeidsoppgåver
Spesialpedagogisk arbeid med elevar med autisme, psykisk utviklingshemming og andre særlege behov.
Stillinga inneheld også leiing av det spesialpedagogiske arbeidet ved skulen, utarbeiing av innhald og arbeidsmetodar på skulen sin læringsverkstad, samt dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid.
- Spesialpedagogisk arbeid
- Leiing av det spesialpedagogiske arbeidet ved skulen
- Utarbeiing av innhald og arbeidsmetodar på skulen sin læringsverkstad
- Dokumentasjon og kartlegging
- Tverfagleg samarbeid
Me søkjer
Me søkjer lærar som har spesialpedagogisk utdanning.
Det er ynskjeleg at du har kompetanse innan spesialundervisning av barn med autisme, psykisk utviklingshemming og andre særlege behov.
Søkjarar med anna relevant kompetanse vil også bli vurdert.
- Erfaring frå arbeid med barn med ulike behov
- Erfaring og kunnskap om autisme
- Erfaring med tverrfaglig samarbeid
- Bruk av fysisk aktivitet for læring
- Ønskeleg med leiarerfaring
- Ønskeleg med erfaring frå administrativt arbeid
- Gode IT kunnskaper
Personlege eigenskapar
- Trygg og tydeleg vaksenperson i samhandling med barn
- Du er ansvarsbevisst, løysningsfokusert og fleksibel
- Du er positiv og har godt humør
- Du har eit positivt elevsyn
- Du likar å vera aktiv
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.