ID 1790 Sjukepleiar med koordinatorfunksjon - Stord sjukeheim
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
Stord
Stord sjukeheim har ledig fast 100% stilling som autorisert sjukepleiar med koordinatorfunksjon frå d.d.
Stord sjukeheim har 103 pasientar fordelt på 6 avdelingar. Ledig stilling er i avdeling Gullskar som opna ved nyttår. Avdelinga skal gi eit tilbod til pasientar med demenssjukdom og somatiske helseproblem.
Koordinator har hovudansvaret for planlegging og dokumentasjon av tenestetilbodet til pasientane på si gruppe. Som sjukepleiar har du og ansvar for dagleg utføring av sjukepleiarprosedyrar, dokumentasjon, pleie og behandling til kvar einskild brukar. Koordinator skal samarbeide med avdelingssjukepleiar om å løysa utfordringar i drifta av avdelinga.
Me ynskjer å knytte til oss ein sjukepleiar med erfaring frå eldreomsorga , og gjerne med spesiell interesse for personar demenssjukdom.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar. Vidareutdanning innan geriatri eller demens vil vere ein fordel. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Fagutviklingssjukepleiar Karen Irene Høyland, tlf. 53 45 45 07 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Om stillingen
Stillingstittel
Sykepleier
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager, Lørdag, Søndag
Arbeidstid
Dagtid, Kveld
Arbeidstidsordning
Turnus
Sist endret: 31. januar 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: b6a9597d-8ebf-44a3-943f-4ddac10c8c3b
Stillingsnummer: b6a9597d-8ebf-44a3-943f-4ddac10c8c3b