Sommarjobb teknisk avdeling, bygg
Region Midt-Norge er ein av seks produksjonsregionar i Statkraft. Regionen er organisert i fire kraftverksgrupper og har omlag 200 tilsette. Regionen driftar og vedlikeheld 32 kraftverk og 8 vindparkar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag og Finnmark.
Teknisk avdeling i regionen har ansvaret for tyngre vedlikehald (prosjektutvikling og gjennomføring), samt bistår kraftverksgruppene med ingeniørkompetanse i det daglege vedlikehaldet. Vi er ei avdeling med to seksjonar, totalt 27 tilsette, der 14 personar har oppmøte i Gaupne.
Hovudtyngda av medarbeidarane har teknisk bakgrunn på universitets- og høgskulenivå.
Til vår avdeling i Gaupne søkjer vi etter ein student frå høgskule/universitet innafor faget bygg.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
- Setningsmålingar på dammar i Sogn
- Arbeid med internkontrollsystemet til dammane
- Bearbeiding av setningsmålingar og lekkasjemålingar
- Delta i hovudtilsyn og revurderingar av dammar, luker etc.
For stillinga gjeld:
- Du må ha førarkort kl. B.
- Du må beherske norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.
- Oppstartdato og ferie avtalast.
- Arbeidet varer i 6 8 veker.
Om bedriften
Statkraft er eit leiande internasjonalt selskap innan vasskraft og den største leverandøren av fornybar energi i Europa. Konsernet produserer vasskraft, vindkraft, solkraft og gasskraft og leverer fjernvarme. Statkraft er ein global marknadsaktør innan energihandel og har 4000 tilsette i 16 land.