Sjukepleiestudent på helg og tilkalling
Org. nr: - Stillingsident: 4271001282 Presentasjon av stillingen:
Kirurgisk sengepost i Volda er ein kombinert kirurgisk, gynekologisk og ortopedisk sengepost. Vi har ledig to stillingar på 15% for arbeid på helg, for sjukepleiarstudent. I tillegg har vi behov for tilkallingsvikarar. Stillingane vert ledige frå snarast - 31.08.21. Vi vil prioritere 2. og 3.års studentar.
Dette er ei flott moglegheit for DEG som sjukepleiarstudent til å få deg nyttig arbeidserfaring frå spesialisthelsetjenesta!
Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass med solid fagmiljø. Hyggelege og engasjerte kollegaer som har fokus på best mogleg pasientbehandling. Vi arbeidar saman for at pasientane skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, mange varierte og spennande utfordringar for den rette personen.
Arbeidsoppgåver
- Moglegheit for ekstravakter
- Spennande fagfelt med mange utfordringar
- Pre- og postoperativ sjukepleie
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Ansvarsbevisst
- Medvirke til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Eit inkluderande og positivt arbeidsmilj
- Eit spennande og mangfoldig fagmiljø
Kontaktinformasjon
Aina Torine Rangsæter, Seksjonsleiar, (+47) 700 58389, Aina.Torine.Rangseter@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4271001282
Stillingsprosent: 15%
Anna (kommenter i tekstfelt)
Søknadsfrist: 20.08.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal