Er du vår nye IPS-jobbspesialist?
Nav Sogndal // Tenester til arbeidsgjevar
Dalavegen, 6856 Sogndal
Om jobben
- Stillingstittel
- Jobbspesialist NAV region Sogn - vikariat
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. november
Evnar du å skape gode relasjonar og resultat? Kan du motivere andre og deg sjølv? Har du god gjennomføringsevne og ser etter moglegheiter? Då er du den vi ser etter!
IPS er ei forkorting for Individuell jobbstøtte, som er eit tilbod til arbeidssøkarar som har psykiske, rusrelaterte eller samansette utfordringar, og ønskjer å komme i jobb eller utdanning. Deltakarar får tett oppfølging frå jobbspesialist, og oppfølginga vert tilpassa individuelle behov. Jobbspesialisten støttar deltakaren i prosessen med å finne rett arbeidsplass eller studie og behalde jobben over tid.
IPS er eit samarbeid mellom Nav og helsetenesta, og jobbspesialisten vil vere knytt til behandlingsteam på Indre Sogn Psykiatrisenter og Barne- og Ungdomspsykiatrisk Poliklinikk. I tillegg vil jobbspesialisten jobbe tett med tenester som Rettleiingstenesta/OT, VGS og barnevernstenesta. Jobbspesialisten skal sikre gode og arbeidsretta tenester for arbeidssøkarane og bruke store delar av tida si på oppsøkande arbeid. Ein må rekne med å reise mykje til dei ulike kommunane i Indre Sogn.
Vi ser etter deg som vert motivert av å arbeide med menneske, har trua på at alle, trass i psykiske eller fysiske utfordringar, kan studere og få ein ordinær jobb. Hos oss får du bidra på eit svært viktig samfunnsområde, og du blir ein del av eit team på 3 jobbspesialistar og ein metoderettleiar. Vi ser fram til å få ein ny jobbspesialist med på laget!
Stillinga er eit årsvikariat med mogelegheit for forlenging. Oppstart er 1. januar 2026.
I søknaden ber vi deg seie noko om kvifor nettopp du ønsker å bli jobbspesialist, og kva som motiverer deg til å søke hos oss.
Linn Katrine Fivelsdal, Metoderettleiar, 468 34 031, Linn.Katrine.Vange.Fivelsdal@nav.no
6856 Sogndal
Referansenr.: 5040864464
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.03.2027
Søknadsfrist: 26.11.2025

Arbeidsoppgåver
Du vil arbeide etter IPS-metodikk i tett samarbeid mellom deltakar, behandlar, studiestad/arbeidsgivar og Nav. Dette betyr at følgande arbeidsoppgåver blir sentrale:
- Oppsøke utdanningsinstitusjonar og bedrifter, skape dialog og bygge nettverk
- Nytte minst 60-65% av arbeidstida ute i lokalmiljø i personlege møte med deltakar og studiestad eller arbeidsgjevar
- Rettleie deltakarar i høve eigne preferansar når det gjeld utdanning eller jobb, kompetanse, kvalifikasjonar samt sterke sider
- Saman med deltakar legge ein plan for studiar eller jobb etter deltakar sine mål og ønskje
- Engasjere og motivere både deltakar, studiestad, arbeidsgjevar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar
- Delta i behandlingsteam og ha eit tett samarbeid med behandlarar
- Samarbeid med eksterne tenesteytarar om deltakar har utfordringar knytt til bustad, sosiale forhold, økonomi eller anna
- Ha jamlege møter med Nav-rettleiarar
- Dokumentere i fagsystem
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevne på norsk
- Erfaring med relasjonsarbeid og/eller rettleiing
- Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring frå jobb med unge menneske og utdanning
- God kunnskap om arbeidsmarknaden i Sogn
- Erfaring med IPS eller kjenskap til prinsippa i IPS
- Erfaring med oppsøkande kundekontakt og nettverksbygging
Personlege eigenskapar
- Du bygger nettverk, er initiativrik og fleksibel
- Du skapar tillit og gode relasjonar med dei du møter
- Du er sjølvstendig, kan prioritere og er målretta og strukturert
- Du er motivert og har god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø, prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Opplæring i mellom anna IPS-metodikk og prinsippa for inkluderingskompetanse
- Statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønsspenn frå kr. 622 000 til kr. 643 000 pr. år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Rigmor Wathne, Avdelingsleiar Nav Sogndal, 472 86 676, rigmor.wathne@nav.noLinn Katrine Fivelsdal, Metoderettleiar, 468 34 031, Linn.Katrine.Vange.Fivelsdal@nav.no
Arbeidsstad
Dalavegen6856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5040864464
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.03.2027
Søknadsfrist: 26.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b660384b-596b-4737-8c48-56bb80b4d57e
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3f3fdb7a60c5436fadd53de40b7b3e76
Lignende annonser
Jobbspesialist NAV region Sogn
Arbeidsgiver
Nav Sogndal //Tenester til arbeidsgjevar
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bemanningssentral
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Sted
Sogndal