Barnehagelærar og pedagogisk leiar
Me søkjer:
Barnehagelærar og pedagogisk leiar i inntil 100% vikariat i dei kommunale barnehagane i Vindafjord. Tiltredelse frå 15.08.2020 til 14.08.2021.
Hovudarbeidsoppgåver:
Frå august vil me ha behov for barnehagelærarar og pedagogisk leiar i vikariat i fleire av dei kommunale barnehagane i Vindafjord. Stillingane er ein del av grunnbemanninga.
Kvalifikasjoner:
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- Det er ønskeleg med erfaring frå barnehage
- Personen må vera skikka til å jobbe i ein av våre barnehagar, difor vil det verta lagt vekt på korleis søkjaran er eigna
- Det krevs godkjent politiattest ved tilsetjing
Andre opplysninger:
Kommunen har barnehagar i alle bygder, alt frå einingar der barnehage og skule utgjer oppvekstsenter og til barnehage med fleire avdelingar. Det er behov for pedagogar i barnehagane som følgjer: Sandeid barnehage - 100% vikariat barnehagelærar Vågen barnehage - 100 % vikariat for barnhagelærar Vats barnehage - 80% vikariat for pedagogisk leiar. Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege egenskaper:
Me ynskjer deg som har gode leiar- og samarbeidsegenskapar. Er utadvendt, fleksibel, kan forstå barna sine behov og evner å byggja relasjonar. Me ynskjer at du skal bidra til å utvikla barnehagen, er sjølvstendig, strukturert og har eit fagleg engasjement. Du må kunne delta i fysisk aktivitet med barna, og vera med å ta initiativ og ansvar for eigen og andre sin trivsel.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes:
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Sandeid barnehage - 53 65 58 85
Vågen barnehage - 53 65 58 80
Vats barnehage - 53 65 58 75
Kontaktar:
Navn: Sofie Haugland
Tittel: Einingsleiar
E-post: sofie.haugland@vindafjord.kommune.no
Mobil: 934 00 190
Navn: Kristin Tveit Beiermann
Tittel : Einingsleiar
E-post: kristin.tveit.beiermann@vindafjord.kommune.no
Mobil: 400 48 148
Navn: Aina Apeland
Tittel: Einingsleiar
E-post: aina.apeland@vindafjord.kommune.no
Mobil: 913 33 225
Om bedriften
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje bådemot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.