Barnevernsleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Herøy kommune, Barn-familie og helse
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Org. nr: - Stillingsident: 4329766940 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % stilling som vikar for barnevernleiar frå d.d. til 08.11.2021. Stillinga kan bli fast.
Vi ynskjer søkjarar som har lyst til å samarbeide med barn, unge og deira familiar, for å kunne gjere ein forskjell i deira liv.
Herøy og Vanylven kommunar har felles barnevernteneste, der Herøy kommune er vertskommune. Tenesta er organisert som ein seksjon i avdeling barn, familie og helse og er samlokalisert med mellom anna helsestasjon og PPT. Det er 9,5 stillingsheimlar i seksjon barnevern
Arbeidsoppgåver
- personalleiing
- fagleg ansvar for seksjon barnevern
- økonomiansvar for seksjonen
- utvikle tenestetilbodet
Du vil vere ein del av leiargruppa i avdeling barn, familie og helse.
Kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som har
- leiarerfaring og helst leiarutdanning
- erfaring frå barnevernfagleg arbeid
- erfaring frå saksbehandling innan kommunal barnevernteneste
- minimum bachelor i sosialt arbeid, sosionom eller barnevern. Gjerne utdanning på masternivå eller relevant vidareutdanning
Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som
- har ønske om å vere med på å utvikle barneverntenesta vidare
- har evne til å bygge relasjonar
- ynskjer å utvikle medarbeidarane dine
- kommunisere tydeleg både munnleg og skriftleg
- har evne til å arbeide strukturet, systematisk og er beslutningsdyktig
- ønsker å bidra til å vidareutvikle det tverrfaglege samarbeidet som er etablert
Du må meistre å stå i utfordrande situasjonar og vere ei støtte for medarbeidarane dine i vanskelege saker.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi tilbyr
- utfordrande arbeidsoppgåver
- dyktige og dedikerte medarbeidarar
- godt etablert tverrfagleg samarbeid
- løn etter avtale
- god pensjonsordning
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4329766940
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.02.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Herøy kommune, Barn-familie og helse
Adresse
Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 1. februar 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4329766940_Herøy kommune, Barn-familie og helse_webcruiter
Stillingsnummer: b61ff339-29fa-4220-88c2-911a7bba66e7