Baker/konditor
Geiranger Bakeri har sitt opphav i verdsarvbygda Geiranger. I tillegg har ein eit åpent bakeri og kafe i Volda. Vi tilbyr våre kundar varer av høg kvalitet. God tid, gode råvarer, lokal forankring og dyktige handverksbakarar, skaper "den gode smaken, kombinert med den gode opplevinga".
Ved bakeriet i Volda jobbar bakaren i tett samarbeid med kafeutsalget, noko som gjev ein spennande og utfordrande arbeidskvardag for både bakaren, kundane og dei tilsatte i kafeen.
Vi er i vekst, og har ambisjonar.
Geiranger Bakeri søkjer baker som vil være med å nå nye mål. Er du oppteken av lokalmat og tradisjonar, gjerne kombinert med nye ting, er dette noko for deg. Vi søkjer deg som er sjølvgåande, kreativ og har auge for kvalitet.
Vidare er det ynskjeleg
· At du har erfaring frå handverksbakeri
· At du har fagbrev som bakar eller minst 5 års erfaring som handverksbakar
· Har du erfaring som konditor, set vi stor pris på det.
· At du er ryddig, effektiv og god til å jobbe i team med andre
Arbeidsoppgåver:
Bidra til at vi held fram med å levere brød og bakevarer av høg kvalitet
Bidra til utvikling og vekst av produksjon og utvalg av våre produkt
Produsere brød og bakevarer; frå å lage deig til ferdig produkt.
Ansvar for IK Mat
Fylgje opp ordrar
Ta i mot og gjere klar bestillinger
Arbeidsstad: Volda
Søknad:
Søknadsfrist: 20.02.2019
Send søknad til: post@geiranger-bakeri.no
Om bedriften