Sekretær/konsulent, 80 % vikariat ved Ressurseining
Ressurseining er ein del av staben til kommunalsjef for helse og omsorg, med arbeidsstad ved Gol helsetun. Det er tre tilsette som arbeidar saman, og vi har frå hausten ledig 80 % vikariat.
Arbeidsoppgåver:
- Vedlikehalde og halde oversikt i arbeidstidssystemet, Ressursstyring
- Utarbeide og vedlikehalde turnusplanar
- Rettleie og vera ein støttespelar for leiarar og tilsette som nytter Ressursstyring
- Time- og lønsregistrering
Kvalifikasjonar:
- Kontorfagleg utdanning på vidaregåande nivå
- Gode norskkunnskapar
Vi ynskjer at du har:
- Erfaring frå arbeid med digitale system
- Kjennskap til arbeidstidsordningar
- Kjennskap til kommunal tariffavtale
Vi søkjer deg som er:
- Nøyaktig og strukturert
- Løysingsorientert og serviceinnstilt
- God til samarbeide, men kan også arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr:
- Løn etter tariffavtale
Anna:
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Stian Røstberg via Tenestetorget 32029000.
Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på den e-posten som vi bruker for å sende deg lønsslipp.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Om bedriften
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.