Miljøarbeidar/assistent helgestilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Vågsmarka bufellesskap
Vågsmarka bufellesskap, 5680 Tysnes
Org. nr: - Stillingsident: 4363603606 Presentasjon av stillingen:
Er du ein person som ser muligheter, har godt humør og ønskjer ein meiningsfull jobb med utviklingshemmede?
Tysnes kommune har to bufellesskap for menneske med utviklingshemming; Vågsmarka og Haugen. Begge bufellesskapa har døgnbemanning, og dei tilsette har ulik fagkompetanse og alderssammensetning.
Me yte praktisk bistand, har fokus på å ivareta ADL ferdigheiter og tenestemottakar sine grunnleggande behov, i tillegg til å legge til rette for sosial deltaking og aktivitet.
Me er opptatt av å skape eit inkluderende arbeidsmiljø, der alle er med og bidrar. Me yt dei beste tenestene når me me trivast på jobb!
No søkjer me etter 5 nye kollegar som kan bli en del av vårt positive team kvar tredje helg.
Me har no ledig følgande helgestillingar:
Ved Haugen bufellesskap
13,1 % fast stilling
13,1 % vikariat fram til 20.09.21
13,1 % vikariat fram til 10.10.21
Ved Vågsmarka bufellesskap
13,6 % fast stilling
13,6 % vikariat for eit år
Arbeidsoppgåver
- Gi bistand i alle dagliglivets gjøremål
- Individuell oppfølging tilpassa brukers behov
- Samarbeid med faglederne, pårørende/verge og andre
- Legemiddelhåndtering
- Delta i fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak
- Følgje opp miljøpermer og prosedyrar
- Heilskapleg pleie, omsorg og oppfølging av brukarane
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar, eller anna helsefagleg utdanning
- Dersom me ikkje lykkast å rekruttera nok med formal kompetanse, kan assistent bli tilsett.
- Sertifikat kl. B
- Medisinhandtering er ikkje eit krav, men bonus om du har det.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God datakunnskap, kjennskap til journalsystemet CosDoc vil vera ein fordel
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter lov om helsepersonell § 20a
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å anvende kunnskap i praksis
- Engasjert, ansvarsfull og arbeidar målretta med bebuarintervensjonar og oppfølging av desse
- Tillitsfull, fleksibel, initiativrik og oppteken av å bidra til godt samarbeid med bebuarar, kollegaer og pårørande
- Trivast med utfordringar, og er løysingsfokusert
- Ønskjer å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver med moglegheit for å påverke og utvikle tenesta
- Eit tverrfagleg miljø i bufellesskapet, med engasjerte kollegaer
- Løn etter regulativ
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Irene Røssland Matre, Avdelingsleiar Haugen bufellesskap, 975 89 023, irene.rossland.matre@tysnes.kommune.no
Benedicte Lundevoll, Avdelingsleiar Vågsmarka bufellesskap, 47 51 26 24, benedicte.lundevoll@tysnes.kommune.no
Hildur Heie, Kommunalsjef helse- og sosial, 976 57 601, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Vågsmarka bufellesskap
5680 Tysnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4363603606
Stillingsprosent: 13%
Fast
Søknadsfrist: 11.04.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vågsmarka bufellesskap
Adresse
VÅGSMARKA 19-29, 5680 Tysnes
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Om stillingen
Antall stillinger
5
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 12. april 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4363603606_Vågsmarka bufellesskap_webcruiter
Stillingsnummer: b5df98b4-4cee-41d3-85a7-251795b3ca7c