Avlastning i privat heim og Fritidskontakter
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse og omsorg, Stad kommune
Nordfjordeid, Bryggja, Selje og Stadtlandet, 6770 Nordfjordeid
Org. nr: - Stillingsident: 4468400107 Presentasjon av stillingen:
Avlastning i privat heim: Stad kommune ønskjer kontakt med med deg som vil opne heimen din for helgeavlastning. Som helgeavlastar har du eit barn i din eigen heim til avtalte døgn per månad. Det kan være aktuelt med ekstra døgn i ferier. Barnet blir som ein del av din familie, og heimen din blir ein ressurs for barnet. Oppgåva vil involvere alle som bur i husstanden. Det er difor viktig at heile husstanden er innstilt på at du tar på deg oppgåva som privat avlastar.
**Fritidskontakt:**Stad kommune har behov for fleire fritidskontakter. Vi søkjer etter fritidskontakter både på Nordfjordeid, Bryggja, Selje og Stadlandet.
Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meningsfylt fritid. Årsaka til at personar treng fritidskontakt er samansett. Det kan vere somatisk (kroppsleg) eller psykisk sykdom, skade eller lidelse, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Personar i alle aldersgrupper kan ha fritidskontakt. Dersom dette kan vere noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser og kva aldersgruppe du kan tenke deg og jobbe med.
Fritidskontaktoppdrag kan vare frå 2 timar og oppover i veka. Tidspunkt for arbeidet avtalast mellom fritidskontakt og personen ein har oppdrag for.
Arbeidsoppgåver
- Avlastningsheimen skal gje barnet den oppfølginga det har behov for og bidra til ei meiningsfull fritid.
- Fritidskontakta si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Dette inneber å vere saman med den enkelte på ulike fritidsaktivitetar som t.d å gå på kino, kafè, trene, reise på turar mm.
Kvalifikasjonar
- Som helgeavlastar må du ha husrom til eit ekstra barn, samt kunne binde deg for ei periode slik at tilbodet blir stabilt over tid.
- Som fritidskontakt må du sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjere noko meiningsfylt i samspel med andre.
- Det er ynskjeleg at du har sertifikat og disponerer bil
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og har ei positiv innstilling
- Du er ansvarsfull og glad i å vere saman med andre menneske
- Du er stabil og trygg,
- Du likar å kommunisere og tar initiativ til å finne på aktivitetar
Vi tilbyr
- Ein kjekk og meiningsfull jobb
- Løn etter fastsette satsar
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med fagkonsulent Linda Håøy eller Katrine Holvik Skinlo.
Kontaktinformasjon
Linda Håøy, Fagkonsulent, 48892418
Katrine Holvik Skinlo, einingsleiar bu- og miljøtenesta, 97531483
Arbeidsstad
Nordfjordeid, Bryggja, Selje og Stadtlandet
6770 Nordfjordeid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stad kommune
Referansenr.:4468400107
Stillingsprosent: 10%
Engasjement
Søknadsfrist: 06.02.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse og omsorg, Stad kommune
Adresse
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Om stillingen
Antall stillinger
0
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 6. februar 2022
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4468400107_Helse og omsorg, Stad kommune_webcruiter
Stillingsnummer: b5817548-9dbe-45d0-9b87-3fe07793276b