Hjelpepleiar 70% fast nattstilling
Org. nr: - Stillingsident: 4269062019 Presentasjon av stillingen:
Eininga Bukollektiva i Langevåg har ledig 70% fast nattstilling ved demensavdeling med 8 eldre bebuarar. Dette er ei rein nattstilling med 10 timers vakter i turnus og arbeid kvar 3. helg. Vi har til saman 26 bebuarar og eit godt samarbeid mellom nattevaktene i dei 3 avdelingane Molværsvegen 15/17/19. Vi nyttar velferdsteknologi.
Arbeidsoppgåver
- Målretta arbeid med eldre med samansett sjukdomsbilete og Demens. Arbeidet består i praktisk hjelp og samarbeid med lege og pårørande.
Kvalifikasjonar
- Autorisert Hjelpepleiar /Omsorgsarbeidar.
- Arbeidserfaring med eldre.
- Du må like å arbeide i eit lite miljø.
- Gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
- Datakunnskap er ein føresetnad.
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Fagskule/Fagbrev (to år)
- Høgskule/Universitet
Personlege eigenskapar
- Forutan faglege kvalifikasjonar vert personlege eigenskapar vektlagt.
- Vi søkjer ein fleksibel og påliteleg medarbeidar som samarbeidar godt og har evne til å arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
- Vi tilbyr inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
- Løn etter gjeldande tariff.
- Oppgi referansar.
- Politiattest må leggast fram før tilsetting.
Kontaktinformasjon
Oddrun Marie Maseide, Einingsleiar, 70199610, oddrun.m.dalhaug.maseide@sula.kommune.no
Cecilie Ørjasæter, Avdelingsleiar, 70199549, cecilie.orjaseter@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Molværsvegen 15-19
6030 Langevåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sula kommune
Referansenr.:4269062019
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.12.2020
Søknadsfrist: 23.08.2020