Prosessoperatørar
Vårt forretningsområde Primærmetall (PM) har 5000 tilsette fordelt på 16 land og ein årleg produksjonskapasitet på meir enn 2 millioner tonn primæraluminium. Vi produserer, resirkulerer og forsyner våre kunder med primærmetall, pressbolt- og støypelegeringar samt valsa produkter og tråd.
Hydro Husnes produserer aluminium i ein elektrolyseprosess. Flytande aluminium frå elektrolysen blir støypt ut som pressbolt, og sendt til kundar for ekstrudering. Hydro Husnes ligg i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstvilkår for barn og ungdom. Området kan by på ein idyllisk skjergard, høge fjell og isbrear, og det er moglegheiter for varierte fritidsaktivitetar på både sommar- og vinterstid.
Vi står framfor ei spennande tid i lys av Hydro si avgjerd om oppgradering og re-start av ei produksjonslinje. Dette inneber ei dobling i produksjonen, til om lag 200.000 tonn aluminium pr år. Med full produksjon i løpet av 2021, vil vi vere om lag 338 tilsette.
Vi treng nye tilsette til å vera med på eventyret, og søker etter prosessoperatørar til Elektrolyse, Støyperi og Anodemontasje.
Arbeidsoppgåvene til ein prosessoperatør blir utført i produksjonslokala, og vil vera allsidige og varierte. Dette inneber daglege driftsoppgåver og prosessovervaking. Mange av oppgåvene blir utført med køyretøy eller kran. Prosessoperatøren skal bidra til mest mogleg sikker og effektiv produksjon av aluminium og aluminiumsprodukt
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev er ønskjeleg
- Erfaring frå prosessindustri/produksjonsbedrift er ein fordel
- Førarkort klasse B
- Truck- og kransertifikat er ønskjeleg
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Vi søker deg som er oppteken av sikkerheit og kan visa til god HMS åtferd. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Tilleggsinformasjon
Dei fleste stillingane inneber skiftarbeid. Over tid vil vi legga til rette for opplæring både mot fagbrev og ulike sertifikat.
Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verne våre ansatte si helse og sikkerheit, og bidra til ein berekraftig utvikling i nærmiljøa vi opererer. Vi søkjer derfor ansatte som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar og -handlingar.
Ver venleg, legg ved alle relevante vitnemål, karakterutskrifter og sertifikat med søknaden. Søknadsbrev og CV tas ikkje imot på e-post.
Søknadsfrist: 25.10.2020
Om bedriften
Vil du være med på å forme vår historie med dine personlige egenskaper, kompetanse og ambisjoner? Hydro har 35 000 ansatte verden over som utvinner, produserer, former og resirkulerer verdens mest fleksible og bærekraftige metall og leverer et utall nyskapende produkter og løsninger. Klikk her for å lese mer om Hydro og vår virksomhet.