Ferievikarar i Bu- og aktivitetstenesta 2023
Stillingsannonsen er inaktiv.Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Bu- og aktivitetstenesta skal tilsette ferievikarar i perioden frå starten av juni og ut august månad.
Faste tilsette i Surnadal kommune som har deltidsstilling og kan tenkje seg å arbeide ekstra i ferietida treng ikkje å søke, men kan melde interesser for dette til einingsleiar Rakel Polden.
Det gjeld også for deg som anten har tidsavgrensa avtale (t.d på helg) eller engasjement som tilkallingsvikar. Om du vil vere ferievikar treng du ikkje søke, men kan ta direkte kontakt med Rakel Polden og melde interesser for å vere ferievikar.
Kvalifikasjonar/utdanning:
Vi tilset sjukepleiarar og sjukepleiestudentar, vernepleiarar og vernepleiestudentar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og omsorgsarbeidarar og assistentar. Legestudentar er også velkomne som søkarar.
Med bakgrunn i arbeidsoppgåvenemå du kunne kommunisere godt på norsk, både muntleg og skriftleg.
Det er ønskeleg at du har førarkort kl.B, men det er ikkje eit krav.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Ordinære ferievikarar hos oss må vere fylt 18 år når dei startar i jobb.
Vi ønskjer oss ferievikarar som:
- har gode samarbeidsevner og er rause og imøtekomande
- som kan arbeide sjølvstendig og systematisk
- som har god arbeidskapasitet
Du vil:
- få opplæring og rettleiing
- ha kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Ta gjerne kontakt med Bu- og aktivitetstenesta om du har spørsmål!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta
Adresse
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om stillingen
Antall stillinger
10
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 16. mars 2023
Hentet fra: visma-easycruit
Referanse: 3097929_188477_nn
Stillingsnummer: b5481ebe-f3ee-4e79-9e4d-20eb3df0b61e