Ålesund vgs - Rådgjevar
Stillingsannonsen er inaktiv.Møre og Romsdal fylkeskommune
Ålesund videregående skole
Vi søker etter dyktig rådgjevar
Ålesund vgs har ledig 45% stilling som rådgjevar frå 01.08.2019. Stillinga kan kombinerast med undervisningsstilling.
Du får jobbe med:
Som rådgjevar ved Ålesund vgs vil du vere ein del av elevtenestene. Du vil få eit godt samarbeid med andre rådgjevarar, oppfølgingstenesta, helsesøster, PPT og NAV og grunnskulen. Du vil ha oppgåver innan det spesialpedagogiske området, både på individ- og systemnivå. Du vil og gje elevane råd innan utdannings- og yrkesval, og delta i arbeid med formidling av læreplassar. Du vil delta i ressursteam på skolen og vere ein støtteperson for skuleleiinga. Som rådgjevar vil du vere involvert i prosessar knytt til inntak av elevar. Du vil arbeide sjølvstendig - difor er det viktig at du er både strukturert og initiativrik.
Vi søker deg som
- har relevant høgare utdanning, gjerne innan rådgjevning/rettleiing
- har pedagogisk utdanning, og gjerne utdanning innan området spesialpedagogikk
- har erfaring med eller god kjennskap til rådgjevarrolla
- har evne til å kommunisere godt med ungdom, trivst saman med ungdom og er ein løysingsorientert rettleiar for elevane
- engasjement for at ungdom skal lukkast i opplæringsløpet sitt
- stor arbeidskapasiet i periodar
- liker å samarbeide med andre
Vi set personlege eigenskapar høgt.
Hos oss får du
- gode moglegheiter til faglig utvikling i eit godt kollegium
- offentlig pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
- løn etter fylkeskommunale vilkår
Om skulen/ Om skolen
Ålesund videregåande skole er ein skule med over 700 elever og 120 tilsette. Vi tilbyr utdanningsprogramma studiespesialisering, idrett, medier og kommunikasjon, service og samferdsel, naturbruk, teknikk og industriell produksjon og påbygg til generell studiekompetanse. Les meir om skulen og våre fagtilbod på http://www.alesund.vgs.no/AAlesund-VGS/Forsiden
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfoldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi spør etter er velkommen til å søke ledig stilling hos oss. Søkerlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Adresse
Øwregata 13, 6004 Ålesund
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Ålesund videregående skole har i dag over 700 elevar og ca 120 ansatte fordelt på våre to lokaliteter på Volsdalsberga og i Øwregata (Latinskolen).
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 8. april 2019
Hentet fra: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referanse: rekruttering.mrfylke.no/recruitment/opening?1?3850
Stillingsnummer: b52de9b6-872f-406a-8bc2-20b920bce345