Ledig stilling i Etne kommune:
Stillingsannonsen er inaktiv.Etne kommune Skånevik skule
Milja allè 9, 5593 Skånevik
Etne kommune har to skular, Enge skule og Skånevik skule og søkjer etter klasseleiarar med godkjendt lærarutdanning i årsvikariat og faste stillingar. Etne kommune er ein MOT-kommune der skulane arbeider aktivt med MOT-verdiane. Den som vert tilsett, må kunna identifisera seg med verdiane i MOT og arbeida målretta for å skapa eit godt skulemiljø. Etne kommune bruker iPad 1:1 i begge skulane, men har også lærebøker. Digital læring er likevel ein sentral del i undervisninga i Etne-skulen.
Enge skule ligg i Etne sentrum og er ein kombinert 1-10 skule med to klassar på kvart steg og 410 elevar. Skånevik skule ligg i Skånevik sentrum 27 km frå Etne sentrum. Skulen er fådelt 1-10 skule med 109 elevar.
Etne kommune har stor merksemd på eit trygt og godt læringsmiljø, samarbeid for ein kollektiv skule. Me arbeider for gode skuledagar med høg kvalitet i alle rom.
Dei tilsette i Etneskulen er godt utdanna og har stort medvit på rolla si.
Etne kommune søkjer gode klasseleiarar med godkjent lærarutdanning. I søknaden ønskjer me at du skriv om kva fag som ligg i di utdanning, og at tilleggsutdanning blir spesifisert med fag og studiepoeng. Ved Enge skule er det eit ynskje om lærarar på 1.-7. årssteg medan det på Skånevik skule er behov for lærarar på 1.-10. årssteg. Me ber om at du i søknaden skriv om du søkjer på ein av skulane eller begge.
Nyutdanna lærarar får eigen mentor.
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning på ulike steg.
- Planleggja, gjennomføra og evaluera læringsarbeid.
- Forpliktande team- og stegsamarbeid med vekt på å auka læringa til elevane.
- Leia og motivera medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats til det beste for elevane.
- Sikra eit godt samarbeid med føresette og andre aktørar.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
- Søkjaren må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og beherska nynorsk som er opplæringsspråket i Etne kommune.
- Gode digitale dugleikar.
I søknaden din ynskjer me at du skriv om kva fag som ligg i utdanninga di og at tilleggsutdanning vert spesifisert med fag og studiepoeng.
Eigenskapar:
- Du inspirerer born og vaksne og bidreg til livsglede og lærelyst.
- Du skapar engasjement for å sikra godt læringsmiljø og læringsresultat.
- Du er roleg, tolmodig og engasjert.
- Du har eit positivt elevsyn, er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.
- Du er opptatt av å skapa gode relasjonar til elevane.
- Du er positiv, fleksibel og likar samarbeid.
- Du likar utfordringar og er løysingsorientert.
- Du kommuniserer godt med kollega, elevar og føresette.
Annan informasjon
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Etne kommune Skånevik skule
Adresse
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Om stillingen
Stillingstittel
Lærarstillingar i Etne kommune vikariat og faste stillingar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 27. februar 2023
Hentet fra: visma-easycruit
Referanse: 3105589_214517_nn
Stillingsnummer: b5283db8-b9cd-49d1-b51b-3ac742ad9f12