Vil du jobbe med kommunikasjon i Landbruks- og matdepartementet?
Stillingsannonsen er inaktiv.Landbruks- og matdepartementet
Teatergata 9, 0030 Oslo
Om stillinga
Vi søker deg som er samfunnsinteressert og har solid digital kompetanse. Du trivst på reisefot og med høgt tempo. Som medarbeidar i Kommunikasjonseininga blir du del av eit lag med seks kollegaer som blir leia av kommunikasjonssjefen.
Arbeidsoppgåvene i stillinga er mellom anna å ha hovudansvar for sosiale medium og delta i forum der dette er tema. I tillegg bidra til å tilretteleggje for politikk, og kunne utføre alle oppgåver som ei kommunikasjonseining må løyse: Fungere som pressekontakt, vere medierådgivar for politikarane, stå for statsråden sitt reiseopplegg og delta på turar.
Du vil få
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit tverrfagleg og kunnskapsrikt arbeidsmiljø
- Brei kontaktflate med andre avdelingar, departement og fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Innsikt i dagsaktuelle problemstillingar
- Moglegheit til å påverke i viktige saker
Stillinga er del av ein vaktordning, og det må påreknast noko ukurante arbeidstider.
Dine kvalifikasjonar
Det er nødvendig at du har
- Relevant høgare utdanning, med fullført grad på minimum bachelorgradnivå. Relevant erfaring kan i visse høve kompensere for kravet til utdanning
- Erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning, næringsliv eller organisasjon,
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (begge målføre),
- Gode engelskkunnskapar,
- Generelt god IT-kompetanse.
Ved sida av dette er det ein fordel om du også har erfaring frå
- Arbeid med media/kommunikasjon,
- Arbeid i verksemder som har relevans for LMDs fag- og politikkområde,
- Arbeid i departement eller frå verksemder som har gitt samfunnspolitisk innsikt og forståing,
- Operativt og strategisk arbeid med sosiale medium i journalistikk og/eller kommunikasjonsarbeid.
Arbeidet krev at du er fleksibel og kan delta på reiser i inn- og utland. Du må kunne arbeide sjølvstendig og effektivt, og du må kunne samarbeide godt. I tillegg må du ha interesse for samfunnspolitiske spørsmål og god forståing for politikk og politiske prosessar.
Det er også ønskeleg at du har god kunnskap om foto, film og redigering, og at du er kreativ og opptatt av korleis teknologi kan nyttast i god kommunikasjon.
Den som blir tilsett i stillinga må kunne sikkerheitsklarerast på nivå "Hemmeleg".
Statlege arbeidsplassar skal spegle mangfaldet i samfunnet, og gjere nytte av kompetansen til den enkelte. Vi oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi vil gjerne ha søknad frå deg som har stått utanfor arbeid eller utdanning i ein periode og som fyller kvalifikasjonskrava til stillinga.
Vi tilbyr
Litt om fordelane i LMD
- Godt sosialt arbeidsmiljø med blant anna revygruppe, skidag, kunstforeining og kor
- Fleksibel arbeidstid og gode tilretteleggjingsordningar,
- Trening i arbeidstida
- God pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.
Lønn: Stillinga blir lønna som rådgivar eller seniorrådgivar i lønnsspenn frå kr. 550000 til kr. 700000, avhengig av kvalifikasjoner og erfaring. Fra lønnen trekkes 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Stillings- og lønnsinnplassering avhenger av erfaring og kvalifikasjoner.
Du må rekne med reiseverksemd, og morgon-, kvelds- og helgearbeid.
Nærare opplysninger om stillinga kan du få ved å kontakte kommunikasjonssjef Ottar Løvik, tlf. 48140477
Slik søker du
Søknad sendes elektronisk gjennom å bruke lenka på denne sida.
Om du ønsker å reservere deg fra offentlig søkeliste, må dette grunngjevast. Vi gjer merksam på at opplysninger om søkerane kan offentliggjerast, sjølv om du ber om ikkje å bli ført opp på den offentlige søkerlista. Om oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette før offentlig søkeliste utarbeidast.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Landbruks- og matdepartementet
Adresse
Teatergata 9, 0180 Oslo
Hjemmeside
http://www.regjeringen.no/nb/aktuelt/ledige-stillinger-i-departementene.html?id=451314
Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvaret for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvaltning, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.
I Kommunikasjonseininga i Landbruks- og matdepartementet er det ledig ei fast stilling som kommunikasjonsrådgivar, med særleg ansvar for sosiale medium og digital kommunikasjon.
Eininga er ansvarleg for landbruks- og matdepartementet si informasjons- og kommunikasjonsverksemd, med ansvar for pressekontakt og analyseverksemd.
Kommunikasjonseininga arbeider òg med publisering på regjeringa.no og rådgjeving for den politiske og administrative leiinga av departementet.
Om stillingen
Stillingstittel
Vil du jobbe med kommunikasjon i Landbruks- og matdepartementet?
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 11. november 2021
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 10051887
Stillingsnummer: b515e9c7-a3c8-4c63-9fa1-c26f30d15430