Me søkjer avlastarar til barn og ungdom 19/1864
Vil du bli avlastar for barn og unge med ulike utfordringar?
Me ønsker å koma i kontakt med inkluderande familiar som har tid og rom til å opne heimen sin for barn og ungdom 0-18 år som treng ekstra oppfølging. De må vera pålitelege, tolmodige og strukturerte. Oppfølging og rettleiing vert gitt.
Det er oppretta stillingsmappe for avlasting(19/1864) som fagansvarleg for avlastar utan for institusjon med ulike mellomrom leiter i etter interesserte søkjarar når det er kandidatar som ønskjer avlasting. Dette er med andre ord ikkje ei vanleg utlyst ledig stilling der ein er garantert svar eller avslagsbrev.
Avlastarar får fast tilsetjing i kommunen.
Arbeidstid: Oftast ei helg per månad + ei ferieveke per år.
Arbeidsstad: I eigen heim eller i brukar sin heim.
Løn og godtgjersle etter KS-sin særavtale SGS 1030 for avlastarar.
Du bør kunne binda deg til minimum eit år. Politiattest vil bli etterspurd.
Ta kontakt med fagansvarleg for avlasting Johanne Helene Grutle Haara, Klepp kommune Mobil: 90207778