Teknikar/ingeniør - Tele og signal
Org. nr: - Stillingsident: 4440627677 Presentasjon av stillingen:
Er du teknikar eller dataingeniør? Vil du vere med å sørge for at pasienter og helsepersonell har stabile system som dei kan stole på?
Helse Vest IKT søkjer teknikar eller ingeniør til arbeid med service og vedlikehald på Helse Vest sitt telefoni-, audio-/video- og pasientvarslingsutstyr . Helse Vest IKT er sjukehusa sin totalleverandør av IT og kommunikasjon, og har eit av Vestlandets mest komplekse infrastrukturar. Med over 30 000 sluttbrukarar i Helse Vest, og høg kritikalitet, kan vi love at det ikkje vert kjedelige kvardagar i næraste framtid.
Du vil gå inn i ein seksjon med fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Arbeidsstad: Bergen
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av tele-, audio-/video- og pasientvarslingsinstallasjonar.
- Følgje opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
Kvalifikasjonar
- Fordel med erfaring frå drift og vedlikehald av pasientvarslingsanlegg.
- Fordel med erfaring frå drift og vedlikehald av telefoni, mobiltelfoni og audio-/videoanlegg.
- Ynskjeleg med fagbrev innan svakstrøm og/eller tele.
- Ynskjeleg med førarkort klasse B.
- Forståelse for datanettverk og erfaring frå IP teknologi vil bli vektlagt
- Du er kjent og komfortabel med data som arbeidsverktøy.
- Du beherskar norsk skriftleg og munnleg.
- Engasjerte nyutdanna med interesse for fagfeltet blir oppfordra til å søkje
Utdanningsretning
- IKT-fag
Utdanningsnivå
- Fagskule/fagbrev
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, initiativrik, resultats- og målorientert.
- Du arbeider sjølvstendig, men samarbeider godt med andre når situasjonen krev det.
- Du er løysningsorientert.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Vi ønskjer ein som likar å sette seg inn i nye ting, og som tør å ta ansvar for saker som er litt utanfor kompetanseområdet.
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Interessante oppgåver med moglegheit til fagleg og personlig utvikling, vere med å forme framtidsretta IKT-løysingar innan helse.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
- Godt sosialt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettigheter.
Kontaktinformasjon
John Arne Lillestøl, Seksjonsleiar, (+47) 93024959
Arbeidssted
Haukelandsveien 32
5096 Bergen
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Vest IKT
Referansenr.:4440627677
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2021
Om bedriften
Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 650 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.