Vetleflaten søkjer helsefagarbeider , vikariat 2 stillingar
Stillingsannonsen er inaktiv.Voss herad
Vetleflaten omsorgssenter
Om arbeidsstaden
Område Aust er lokalisert på Vetleflaten omsorgssenter. Tillitsmodellen ligg til grunn for vår arbeidsmodell. Vetleflaten ligg ved Voss sentrum, det er gode buss og tog forbindelsar.
me har ledig stilling som helsefagarbeider/hjelpepleiar i to vikariat på langtidsavdelingar i institusjon:
80 % vikariat frå no til 01.03.2021
50 % vikariat frå no til 01.09.2021 med mogelegheit til forlenging
Arbeidsoppgåver
Vetleflaten omsorgssenter har 64 institusjonsplassar, både langtid og korttid. Me har eigen avdeling for mennesker md demens.
Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie,kvardagsmestring, omsorg, primærkontakt, dokumentasjon og praktiske oppgåver. All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er vikrig for bebuar. Miljøarbeid og personsentret omsorg er viktig metodikk. Tenesta er i kontinuerleg utvikling,me prøver å retta tenestene mot behovet til ei kvar tid.
Me søkjer
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar som har eit ynskje om å arbeida i eldreomsorga. Me ynskjer deg med gode norskkunnskapar, som er trygg i rolla og ynskjer å gjera ein forskjell. Me vil ha deg som kan ivareta brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet. Du må ha gode samarbeidsevner, god arbeidskapasitet, vere ny tenkjande og løysingsorientert.
I tillegg legg me vekt på personlege eigenskapar som sjølvstende, stå på vilje, fleksibilitet, glad i utfordringar og eit ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra til eit godt arbeidsmiljøet
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Voss herad
Adresse
5705 Voss
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 12. august 2020
Hentet fra: Voss kommune
Referanse: rekruttering.voss.kommune.no/recruitmentVK/opening?2618/ 20 GOR
Stillingsnummer: b4d9b55d-4b98-44d7-b1d9-254d6ee16599