Intensivsjukepleiar 100 % fast stilling
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4115633262 Presentasjon av stillingen:
OM STILLINGA:
Voss sjukehus Intensiv/oppvakningsavdeling har ledig ein fast 100% stilling for spesialsjukepleiar/autorisert sjukepleiar. Stillinga er pt. 3 delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå snarast eller etter nærare avtale med leiar.
OM AVDELINGA:
Avdelinga har 6 senger som vert brukt fleksibelt mellom kirurgiske og medisinske pasientar, og fungerer som post.opr overvakingspost for elektive og ØH pasientar. Avdelinga gjev også tilbod til kirurgiske, medisinske og gynekologiske pasientar som har trong for intensiv overvaking og behandling. Avdelinga har ansvar for telemetriovervaking av postpasientar.
LITT OM VOSS SJUKEHUS:
Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT -og MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med blodbank.
Voss sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ynskjer å fortsette den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
LITT OM VOSS:
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo
Arbeidsoppgåver
Postoperativ oppvaking
Medisinsk overvaking
Intensivbehandling
Generell sjukepleie
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Vidareutdanning i intensivsjukepleie/master i klinisk sjukepleie
Må meistre norsk, svensk eller dansk skriftleg og munnleg
Kompetanse/erfaring med akutt krikiske sjuke pasientar
Vilje til etterutdanning og kompetanseheving
Søkjarar utan erfaring med akutt kritisk sjuke pasientar eller vidareutdanning i intensivsjukepleie kan også søkje.
Plan for oppstart vidareutdanning i intensivsjukepleie vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
God evne til å jobbe i team
Godt humør og ¿stå på¿ evne
Vilje til etterutdanning og kompetanseheving
Vi tilbyr
Fagleg og personleg utvikling
Vidareutdanning innan intensivsjukepleie
Årsplan
Triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Leif Arne Haug, Avdelingssjukepleiar, 56 53 36 25 / 56 53 36 20
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 16
5700 Voss
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4115633262
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 25.08.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.