Sjukepleiar /Vernepleiar 3 ledige faste stillingar frå 01.03.21
Org. nr: - Stillingsident: 4336051642 Presentasjon av stillingen:
Vi treng fleire sjukepleierar /vernepleierar med på laget vårt . Vi har no 3 ledige stillingar , samla 2,3 årverk. Her kan du kome med ønske om stillingstorleik (innanfor 100 % - 90 % - 80 % -70 %) Arbeidsstaden er for tida i 2 etg på Volda Omsorgssenter , seksjon Selje /Hasletunet. Det er ein seksjon for personar med demens . Det er 19 bebuerar på avdelinga fordelt på 2 bugrupper . På Selje/Hasletunet er miljøarbeid og det å sjå kvar enkelt bebuar i fokus. Personalet arbeider med ein tanke om at øyeblikkets gleder er viktige. Stillinga hat todelt turnus med arbeid kvar 3 helg.
Arbeidsoppgåver
Fagleg ansvar.
Delta i heilheitlig pleie og oppfølging av bebuerane
Dokumenter i Gerica
Ansvar for at bebuerane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i samarbeid med tilsynslege
Hovedansvar for legemiddelhåndtering ved bugruppa
Være primærkontakt for bebuar og pårørande
Veiledning og undervisningsansvar
Bidra aktivt til eit helsefremmende miljø
Bidra til å kvalitetssikre tenestene
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar . Oppgi HPR -nr i søknaden
Du må ha arbeids- og opphaldsløyve
Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( heslt Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål.
Det skal framleggast tilfredstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica
Personlege eigenskapar
Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjersler
Du fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver
Du liker å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg
Du er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
Du er fleksibel og likar utfordringar
Du tek initiativ og ansvar
Vi tilbyr
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
Gode moglegheiter for kompetanseheving
regelmessig internundervisning
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Instirusjon, 91144863, ann.solvi.heltne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4336051642
Stillingsprosent: 100, 70, 60%
Fast
Startdato: 01.03.2021
Søknadsfrist: 14.02.2021
Om bedriften
Volda kommune ligg sentralt på Sunnmøre, med sjukehus og høgskule i umiddelbar nærleik. Kvart år kjem 4000 studentar og set sitt preg på lokalsamfunnet. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom Kvivstunellen og Eiksundsambandet. Frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden går det direkteruter til Oslo og Bergen. Lokalsamfunnet er i utvikling og kommunen har spenstige samarbeidsprosjekt med idretten og Høgskulen i Volda om ny idrettshall og nytt mediebygg. Volda er ein ny kommune som frå 01.01.2020 vart eit resultat av samanslåing av tidlegare Volda og Hornindal kommunar.
I Volda kommune er det om lag 1000 dyktige og engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for kommunen sine innbyggjarar. Ønskjer du ein meiningsfylt jobb med utfordrande oppgåver og gode kollegaer, er Volda kommune eit spanande alternativ.