Ferievikar sommar 2022, Stord DPS døgnavdeling
Org. nr: - Stillingsident: 4447685780 Presentasjon av stillingen:
Er du sjukepleiar på jakt etter sommarjobb? Likar du action og høg aktivitet? Eller er du meir opptatt av samtale og miljøterapi? Uansett har vi jobben for deg.
Vernepleiarar, helsefagarbeidarar og milløarbeidarar kan også søke.
I Helse Fonna jobbar du i team med dyktige kollegaer frå ulike faggrupper rundt deg. Du er aldri aleine på jobb, og vi har gode støttefunksjonar. Hos oss får du praktisere det du har lært under studiet; praktiske prosedyrar, utgreiing, testing, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid.
Ferieperioden strekker seg fra veke 26 til veke 33.
Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er mangfaldige og varierte.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- God i norsk skriftleg og munnleg
- Har gode datakunnskaper
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og serviceinnstilt
- Praktisk
- Sjølvstendig og stå-på-vilje
- God på kommunikasjon
- Er ivrig og lærevillig
- Likar å jobbe og ønske å gjere ein god jobb
Vi tilbyr
- Opplæringsvakter
- Gode støttefunksjoner
- Varierte oppgaver
- Godt arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne Lise Skogvold, Funksjonleiar, (+47) 53490700
Arbeidsstad
Stord DPS døgnavdeling
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4447685780
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.03.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.