Overstyrmann i sambandet Aukra-Hollingsholmen, p.t. MF Norangsfjord
Org. nr: - Stillingsident: 4271827350 Presentasjon av stillingen:
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i sambandet Aukra - Hollingsholmen, pt. MF Norangsfjord. MF Norangsfjord er bygd i 2009, men blei i 2019 ombygd frå disselmekanisk til hybridelektrisk framdrift.
Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av.
Søkjar må bu lokalt.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Minimum D3
- ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av
Kontaktinformasjon
Grete Ryland Grotle, Bemanningskoordinator, 90118425
Arbeidsstad
6409 Hollingsholmen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord1 ASA
Referansenr.:4271827350
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2020
Om bedriften
Fjord1 ASA har si kjerneverksemd innan ferjetransport, og er det leiande ferjeselskapet i Norge. Fjord1 har også aktivitet knytt til hurtigbåt, catering og fjordbasert reiseliv. Fjord1 er eit innovativt selskap med store ambisjonar. Selskapet sin målsetnad er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og arbeider kontinuerleg med å utvikle nybygg i verdsklasse. Hovudkontoret er i Florø, og det er om lag 1200 tilsette i selskapet.