Ynskjer du å arbeida som arbeidsleiar?
Voss herad Vossabadet
Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vossabadet søkjer arbeidsleiar og leiande ansvarsvakt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 6. desember
Stillinga er 100% fast kor 80% er som arbeidsleiar og 20% som leiande ansvarsvakt og koordinator i verksemda.
Stillinga er nyoppretta, og det kan vera behov for å forme rolla etter kvart som ein får meir erfaring med ansvarsområda og oppgåvene. Den endelege utforminga av stillinga vil difor verte tilpassa over tid i samråd med tilsette og leiing.
Vossabadet søkjer ein engasjert og ansvarleg person til stillinga som arbeidsleiar og leiande ansvarsvakt. Som teamleiar teknisk vil du vera eit viktig bindeledd mellom dagleg leiar, teknisk leiar og resten av organisasjonen. Du vil ha ei sentral rolle i den daglege drifta, med utvida ansvar for service, aktivitetar og drift av kafé og kiosk. Stillinga vil og få mynde til å koordinere vaktplanar og ressursbruk innanfor ansvarsområdet.
Arbeidsoppgåver- daglege driftsrutinar og vedlikehaldsoppgåver i heile føretaket (Vossabadet, idrettshallen og utebasseng)
- planlegging og utføring av drift og innkjøp til kafé, kiosk og butikk
- oppfylging av leverandørar
- operativt IK-mat ansvar i samarbeid med leiinga
- koordinering av badevertar, bemanning til kafé, vaktplanar og dagleg drift i samarbeid med leiinga. Bindeledd mellom leiinga og dei tilsette.
- bistå ved planlegging av personal -og ansvarsvaksmøter
- bistå som ressurs i internopplæring, spesielt med omsyn til service, livredning og mat
- tre inn i drifta som ansvarsvakt (leiande badevert) ved behov
- fungere som stedfortredar for teknisk leiar og dagleg leiar ved behov.
- erfaring frå service eller drift av kiosk/kafé
- erfaring og kunnskap om IK-mat
- erfaring innan aktivitetsplanlegging og event
- erfaring med handtering av kjemikaliar, bruk av verneutstyr og sterke reinhaldsprodukt
- gode kommunikasjonsevner og evne til å ta ansvar og leie team
- erfaring frå arbeid som badevakt
Alle som skal jobba som badevert har ansvar for å halda seg i fysisk god form, og fortløpande vedlikehalda livredningskompetanse, slik at ein består halvårlige livredningstestar
Personlege eigenskapar
- du liker å lage planar, system og struktur
- du liker å fullføre det du sett i gong
- du ynskjer et trygt og inkluderande arbeidsmiljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- ei spanande stilling med ansvar og autonomi
- ei stilling som du i stor grad kan verta med å forma slik du vil
- fleksibel arbeidstid
Stillinga ligg til Vossabadet og Voss Idrettshall KF. Du vert ein del av ei aktiv, flerspårklig og kjekk gruppe med ansvar for å drifta Vossabadet, Voss Idrettshall og Utebassenget på Voss. Arbeidet er prega av ein flat struktur og at alle tilsette er involvert og medverkande til korleis me best kan løysa oppgåvene me gjer.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2797483
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3431739_235349_nn