Vi styrker teknisk avdeling
Etter 17 år i Klevenkonsernet står Myklebust Verft igjen på eigne bein. Vi tek med oss brei og solid erfaring frå bygging, ombygging og vedlikehald av ei rekkje fartøy i denne perioden. For gamle og nye kundar skal vi i lag med våre samarbeidspartnarar vere eit godt og trygt verft å kome til.
På Myklebust Verft har vi framtidstru og rustar oss no for ei spennande satsing. Eit viktig steg i strategien vår er å bygge opp ein fagleg sterk teknisk funksjon –
og fylgjande stillingar er no ledig:
- Prosjektleiar
- Site Manager skrogbygging utland
- Prosjektingeniørar stål, rør, maskin, automasjon
- Oppstarts- og testkoordinator
- Vedlikehaldsmedarbeidar
- Lærlingar
Søknadsfrist 01.03.2019
Full utlysningstekst ligg på heimesida vår/ myklebustverft.no
www.myklebustverft.no/aktuelt/ledige-stillingar
Om bedriften
Etter over 100 års drift, har Myklebust Verft lang og solid erfaring både innan nybygg og service, reparasjon og ombygging av fartøy. Vi tilbyr fasilitetar for dokking opp til 15.000 tonn - til dømes subsea konstruksjonsfartøy, ankerhandterarar, seismikkfartøy, brønnbåtar og fiskefartøy. Det at våre tilsette både utfører serviceoppdrag og samstundes byggjer nye fartøy gjev oss ei unik kompetanse som kjem kundane våre tilgode.