Miljøterapeut NAV
Org. nr: - Stillingsident: 4382619864 Presentasjon av stillingen:
NAV Bømlo har ledig ei 50% fast stilling som miljøterapeut. Me søkjer etter ein motivert, engasjert og samarbeidsorientert medarbeidar.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er variert og omfattar arbeidsoppgåver i rus- og sosiale tenester i NAV-kontoret. Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere å gje eit helsefremjande aktivitetstilbod til NAV sine brukarar. Stillinga vil rette fokus på livsstilsendring i form av fysisk aktivitet og kosthaldsendring. Dette vil vere i form av eit variert og tilpassa treningstilbod, kosthaldsrettleiing og motiveringsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig ernæringsfagleg utdanning.
- Erfaring innan rus- og psykisk helsearbeid.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som har;
- gode samhandlingskunnskapar
- er systematisk og kan jobbe sjølvstendig og i gruppe
- er fleksibel i høve arbeidsoppgåver
- Har engasjement og godt humør
- Har evne til å inspirere og motivere
Me tilbyr
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar.
Gode pensjens- og forsikringsordningar.
Ei utviklande og spanande stilling der ingen dagar er like.
Fleksibel arbeidstid.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Haugen, Verksemdsleiar, 53 04 30 69, elisabeth.haugen@nav.no
Arbeidsstad
Kulturhusvegen 19
5430 Bremnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4382619864
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.