Lærar i kulturskulen ( 14 % stilling)
Org.nr.: Stillingsident: 19/641 Presentasjon av stillingen :
Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Arbeidsstad
Kulturskulen er eit kommunalt tilbod til born og unge i Austevoll som ynskjer opplæring innan musikk, dans eller biletkunst. Kulturskulen er og eit lokalt ressurssenter innan desse fagområda og samarbeider med skulen og det frivillege kulturlivet. Skulen har 170 elevar og 11 lærarar.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Undervisning i faget Musikkstart i kulturskulen for elevar frå 1. til 3. trinn
Kvalifikasjonar:
- pedagogisk og musikkfagleg høgare utdanning
- gode samarbeidsevner
- at du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
- ønskeleg med undervisningserfaring
- gyldig politiattest
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med høgare pedagogisk og musikkfagleg utdanning, kan det vere aktuelt å tilsette kandidatar med annan relevant kompetanse og erfaring innan arbeidsfeltet.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Audun Alvsåker, Tlf: 55081220, Mobil 92603186, Epost: audun.alvsaker@austevoll.kommune.no
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune, har svært høg næringsaktivitet, verdiskaping og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar. Nærleiken til Bergen gjer at rundt 700 bergensarar og andre naboar dagleg jobbpendlar til Austevoll. Vi har eit rikt kulturliv og kommunen har i dag omlag 240 fast tilsette som opptekne av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Austevoll kommune byggjer på verdiane truverd, respekt, openheit, mot og profesjonalitet.