Spesialetterforskar
Org. nr: - Stillingsident: 4232103631 Presentasjon av stillingen:
I saker som gjeld spørsmålet om ein tilsett i politiet eller påtalemakta har gjort ei straffbar handling i tenesta gjennomføres og blir etterforskinga leidd av Spesialeininga for politisaker. Hovudkontoret er plassert i Hamar og einingas etterforskingsadelingar er lokalisert i Oslo, Hamar, Trondheim og Bergen. For nærmare opplysingar om verksemda blir vist til Spesialeiningas nettside www.spesialenheten.no
Ved etterforskingsavdeling Aust-Noreg er det ledig fast stilling som spesialetterforskar. Tiltreding så snart som mogeleg. Avdelinga er for tida samansett av leiar, 10 etterforskarar, 3 juristar og ein seniorkonsulent.
Kontorstad vil vere Hamar eller Oslo, avhengig av kven som vert tilsett i stillinga.
Arbeidsoppgaver
For utfordrande og spennande arbeidsoppgåver søkjer vi ein dyktig etterforskar som kan jobbe sjølvstendig og i team med saker av ulik kompleksitet. Det er ønskjeleg med bakgrunn frå granskings-/ utgreiings-/ etterforskingsarbeid.
Avhøyr og andre etterforskingsfaglege gjeremål i straffesaker.
Deltaking i vakttenesteordning (ca. 3 hjemmevakter pr. år à. 1 veke).
Arbeidet vil medføre noko reising og etterforskarar kan bli bedt om å utføre arbeid i andre etterforskingsavdelingar.
Kvalifikasjoner
Politiutdanning eller anna relevant høgare utdanning (høgskule/universitet) .
Kunnskap om oppbygging og førebuing av straffesaker for retten.
Erfaring med analyse- og dataverktøy.
God norsk skriftleg og munnleg ferdigheiter.
Personlige egenskaper
Å vere personleg skikka for stillinga
God dømmekraft
Effektiv og sjølvstendig
Stor arbeidskapasitet
Gode samarbeidsevner
Plettfri vandel, politiattest vil bli innhenta
Det vil bli bedt om politiattest, og den som blir tilsett må ved behov kunne tryggleiksklarerast. Etterforskarar i Spesialeininga har politistyresmakt innanfor eininga sitt ansvarsområde.
Vi tilbyr
Lønn innanfor spennet kr. 532.300 -- 679.000 i staten sitt lønnsregulativ som politioverbetjent 0287, rådgivar 1434 eller seniorrådgivar 1364. Endeleg lønnsplassering og plassering i stillingskode avheng av kvalifikasjonar. I samhøve med eigen særavtale gjes det tillegg i lønn for blant anna tilgjengelegheit og deltaking i vaktordning (p.t. ca. kr. 81.000 pr. år). God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse - frå lønna blir trekt 2 %. Fleksitidordning/sommartid. Relevant opplæring for stilling.
Anna
Det blir teke atterhald om budsjettmessig dekning for stillinga og framtidige endringar i organisasjonen.
Etter at søknadsfristen er gått ut vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Det kan gjerast unntak for innsyn om ein søkjar ber om det. Opplysingar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle befolkningssamansetjinga generelt, både når det gjeld kjønn, nedsett funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Staten legg vekt på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Spesialeininga for politisaker deltek i staten sin inkluderingsdugnad som har som mål å få fleire med hol i CV- en eller nedsett funksjonsevne ut i arbeid. Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Les meir her
Vi ber om at søknad blir registrert og send elektronisk via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt (via søkjeknapp til høgre på sida). Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar blir bedt teke med i samband med intervju.
Kontaktinformasjon
Helle Kristin Gulseth, fungerende leder for etterforskingsavdeling, 62556100
Arbeidssted
Kirkegata 1-3/ Grønnegt. 82
2317 Oslo/ Hamar
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Spesialenheten for politisaker
Referansenr.:4232103631
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2020